Kan slå verdas lengste hengebru
Lanserer 2710 meters hengebru i eitt spenn over Sulafjorden. Det vert i så fall verdas klart lengste.
Statens vegvesen har presentert fire hengebruløysingar og ei røyrbruløysing for kryssing av Sulafjorden mellom Hareidlandet og Sula.
Ei av løysingane er ei hengebru med eit bruspenn på heile 2710 meter. Dette vert i så fall verdas lengste hengebru i eitt bruspenn.
Dagens lengste hovedspenn har Akashi Kaiko-brua mellom Kobe og Awaj-Shima i Japan. Denne brua er på 3011 meter med eit hovedspenn på 1991 meter.
Nest lengste hovedspenn har Tikhonen-brua i Kina med eit hovedspenn på 1650 meter, medan Storebælt øst-brua i Danmark har eit hovedspenn på 1624 meter. Heile brua er derimot på 6790 meter.
Sulafjorden er mellom 3 kilometer og 4,5 kilometer brei der ein har tenkt å krysse fjorden.
Statens vegvesen har lagt fram dei ulike brukonsepta under lokale informasjonsmøte i regionen, der også bruselskapa Halsafjordsambandet AS (Halsafjorden) og Hareid Fastlandssamband AS (Sulafjorden) deltok.
– Forprosjekta markerer ein viktig milepæl for Statens vegvesen, men dette er også ein viktig milepæl for Møre og Romsdal.
- No har vi kome eitt skritt vidare med målet om å knyte saman bu- og arbeidsmarknadsregionene i fylket, og ikkje minst sørge for god framkomeleghiet for folk og gods, seier Ove Nesje, prosjektdirektør i Statens vegvesen i ei pressemelding.
(saka held fram under)
Skal stå i 100 år
Der blir det opplyst at Jørn Arve Hasselø innleia informasjonsmøta med å fortelje om det omfattande arbeidet med innsamling av grunnlagsmateriale for dei aktuelle brukonsepta som har pågått i om lag fire år. Han presenterte dei ulike undersøkelsane som blei utførte i forkant av forprosjekta.
– Vi har samarbeidd med leiande ingeniørselskap innan offshore- og brukonstruksjonar, og forprosjekta er utførte av verdsleiande miljø innan disse fagområda. For å kunne realisere bruer over Halsafjorden og Sulafjorden er det også gjennomført fleire prosjekt innan teknologiutvikling for store bruer.
På strekninga mellom Volda og Klett er det i dag tre ferjesamband langs E39. Ferjesambanda vert opplevde som ein barriere og bidreg til at reisetida blir høg mellom byane i regionen.
Hasselø viser til at både Halsafjorden og Sulafjorden ligg i vêrutsette område, og kvar sin fjord har sine unike utfordringar.
- Datagrunnlaget gav oss inngåande kunnskap om forholda som må takast omsyn til i planlegginga av brukonsepta. Sikkerheit er grunnleggjande for alt arbeidet vi utfører, og bruene skal konstruerast med hundre års livstidperspektiv, seier Hasselø.
(saka held fram under)
Omfattande undersøkingar
I forkant av siste års arbeid med forprosjekta har Statens vegvesen jobba med å innhente nødvendig datagrunnlag for fjordane. Datainnsamlinga har vore eit nødvendig grunnlag for forprosjekta. Datagrunnlaget inneheld blant annet målingar av vind, oseanografiske forhold; bølger, straum, temperatur, djupneforhold, marine grunnundersøkelsar og seismologiske data.
Det er også utført kvantifisering og modellering av relevante laster, inkludert grensetilstander og lastkombinasjonar. Det er også gjennomført analyser av utslepp av klimagassar under produksjonen av brukonsepta.
Statens vegvesen opplyser at ein har også hatt eit utstrekt FoU-samarbeid med Norges teknisk- naturvitenskapelige universitet (NTNU) og Universitetet i Stavanger (UiS) der fleire forskarar og doktorgradsarbeid har bidratt med ny kunnskap knytta til blant anna materialutvikling, vindmålingar på eksisterande bruer, vindutrekningar/vindtunnelforsøk og bølgeutrekningar/bølgelaboratorium.
Publisert: 22.06.2022 18:21
Sist oppdatert: 22.06.2022 23:47