Jan christian vestre foto Nærings og Fiskeridepartementet 11
PRESSEKONFERANSE: Torsdag klokka 11 har næringsminister Jan Christian Vestre invitert til pressekonferanse for lansering av regjeringas eksportreform. Foto: Nærings- og Fiskeridepartementet
Nytt

Kjem truleg med avklaring om Ålesund-kontor

Etablering av ny eksportavdeling har stått i stampe. Nå har næringsministeren kalt inn til pressekonferanse.

Marius Rosbach
09.03.2022

I fjor sommar blei opprettinga av det nye Eksportstrategirådet markert av den førre næringsministeren med pressekonferanse i Brosundet.

Kontoret skulle ligge i Ålesund og vere i drift frå i fjor haust, men arbeidet har teke lengre tid. Etter det NETT NO kjenner til, har det mellom anna vore utfordrande å finne ein person til leiarstillinga.

Eksportstrategirådet skulle forvalte 75 millionar kroner, og bidra til å løfte norsk eksport – eit hovudmål for både Solberg- og Støre-regjeringa.

Etterlyste styringssignal frå scena
Mannen som er midlertidig leiar av Eksportstrategirådet, Christian Cramer, gjekk til det uvanlege skrittet å etterlyse styringssignal frå regjeringa på scena under Haramskonferansen.

– Vi er avhengig av at Jonas Gahr Støre og regjeringa gir dei nødvendige styringssignala for å få selskapet fullt ut etablert med eit oppdrag og intensjon, slik at det går an å lede for han, eller ho som skal ta over jobben som leiar etter meg, sa Cramer.

Statsministeren sjølv deltok på konferansen, men skal ikkje ha vore til stades i salen då utfordringa frå Cramer kom.

Pressekonferanse torsdag

I etterkant har NETT NO spurt kva regjeringa gjer for å sikre etableringa av Eksportstrategirådet i Ålesund, utan å få svar. Statsministerens kontor har henvist til næringsdepartementet, som for tre veker sidan svarte at saka ville bli sjekka opp.

Etter to purringar på spørsmålet viser kommunikasjonsavdelinga i departementet onsdag til at næringsminister Jan Christian Vestre torsdag skal legge fram regjeringas eksportreform.

Etter det NETT NO forstår kjem statsråden då med ei avklaring om framtida også for eksporteininga i Ålesund. Ifølge presseinvitasjonen skal Vestre legge fram fleire nye tiltak.

Skulle få 10-15 tilsette
Ideen med eit eksportkontor i Ålesund var Solberg-regjeringa sitt prosjekt og kom etter fleire års arbeid med ny eksportstrategi. Bakgrunnen var eit ønske om ein meir strategisk tilnærming til eksportarbeidet. Eininga blei først kalla «Business of Norway», men då næringsminister Iselin Nybø lanserte tiltaket i Brosundet, var namnet endra til Eksportstrategirådet.


Planen var at kontoret skulle ha 10-15 tilsette, som skulle byggjast over tid. I slutten av januar opplyste styreleiar Arvid Moss at dei var i sluttfasen med å tilsette ein permanent leiar.

På det tidspunktet var dei i gong med å tilsette ein kontormedarbeidar, og hadde søkt etter to senioranalytikarar på makroøkonomi. Inntil ein fast leiar kjem på plass, ville det ikkje bli andre rekrutteringar av fast tilsette, la Moss til.

NETT NO har ikkje fått svar frå Arvid Moss eller Christian Cramer på spørsmål om saka onsdag.

Publisert: 09.03.2022 15:29

Sist oppdatert: 09.03.2022 18:01

Mer om