20220511 084842
71 GRADER NORD: Tom Stiansen og 71 grader nord - Norges tøffeste kjendis - vert denne veka på Sunnmøre. Gruppa var med Havila Castor på jomfruturen frå Bergen. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Kjendistreff på Havila Castor

71 grader nord-programleiar rosar miljøsatsinga. No er tv-suksessen klare for innspeling på Sunnmøre.

11.05.2022

- Eit fantastisk flott skip, men det eg likar aller best er den gjennomgåande satsinga på miljø.

Det seier tidlegare toppalpinist Tom Stiansen etter å ha vore med Havila Castor på jomfruturen frå Bergen til Torvik i Herøy.

Opptak på Sunnmøre
Stiansen er no programleiar for 71 grader nord - Norges tøffeste kjendis - og hadde med seg både produksjonen og deltakarane på turen frå Bergen.

- Ei topp oppleving. Eit stillegåande og miljøvenleg skip. Maten var utsøkt, og for meg er det viktig at det vert lagt så stor vekt på å hindre matsvinn.

Før ombordstigning i Bergen hadde gruppa opphalde seg nokre dagar i Hardanger.

- No skal vi vere ei stund på Sunnmøre, men du får ikkje vite kvar, seier Stiansen.

Ylvisåker og Njåtun
Han skulle no sjølv ut i konkurranse med deltakarane.

- Det gler eg meg til, men meir får du ikkje vite.

Stiansen bad om at det ikkje vart teke bilde som tydeleg viste deltakarane, men nettstaden Kampanje har allereie avslørt at i årets konkurranse deltar blant anna artist Vegard Ylvisåker, journalist og tidlegare NRK-profil Line Andersen, tidlegare skøyteløpar Ida Njåtun og kjendislege Kaveh Rashidi.

- Eg kan garantere at årets utgåve vert spennane og spektakulær. Du får vente og sjå, seier Stiansen.

Kommunikasjonsansvarleg Lasse Vangstein i Havila Kystruten fortel at det var Destinasjon Ålesund & Sunnmøre sitt initiativ til å få med tv-produksjonen på seglasen.

– Vi syntest det var ein morsom ide, og kasta oss rundt slik at vi fekk dei om bord i skipet før avreise. Tom Stiansen klipte også snora som første passasjer i Bergen, fortel han til NETT NO.

Dermed fekk deltakarane ei komfortabel reise til Nordvestlandet, før dei legg ut på strabasane som tv-sjåarane kan følgje til hausten. Håpet til reiarlaget er sjølvsagt at det då også skal dukke opp nokre fine bilde av det nye skipet deira.

Publisert: 11.05.2022 15:42

Sist oppdatert: 11.05.2022 16:11

Mer om