NTB Bk Fy Pii A Sk Q 1
OSLO: Medlemsundersøkinga for NHOs medlemsbedrifter for juli viser at norske bedrifter ser meir pessimistisk på framtida enn det dei gjorde i juni. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Nytt

Svakare utsikter for norske bedrifter

Nosituasjonen er stort sett god - men meir pessimisme kring framtida, ifølgje NHO-undersøking.

14.07.2022

Prisvekst og auka renter gjer at norske bedrifter meiner marknadssituasjonen er meir negativ no enn han var i juni, viser medlemsundersøkinga til NHO for juli.

Hovudfunnet i den siste medlemsundersøkinga frå NHO for juli 2022, viser ein stabil nosituasjon for bedriftene. Alle bedriftene som har svart, opplyser at dei er i pluss. 40 prosent svarer at marknadssituasjonen er god.

Svara er gitt i perioden 30. juni til 7. juli. Litt over 2.000 svar er komne inn, noko som er litt færre enn normalt, ifølgje NHO.

Melder om stigande innkjøpsprisar

Når bedriftene blir bedne om å svare på kva dei forventar framover, blir biletet mindre positivt.

22 prosent av bedriftene ventar betring i marknadssituasjonen framover, medan 21 prosent ventar forverring. Det er ein lågare del som ventar betring enn i juni, og den lågaste sidan januar, då omikronvarianten la dempar både aktiviteten og utsiktene.

Det er spesielt i fire næringar at framtidsutsiktene er låge: Bygg og anlegg, mat og drikke, bilbransjen og handverkarar, ifølgje NHO. Det er også desse bransjane som blir hardast ramma av auka kostnader.

85 prosent av dei spurde bedriftene oppgir at innkjøpsprisane stig meir enn normalt.

Ventar auka kostnader

Auka innkjøpsprisar er det ofte forbrukarane som må betale for, noko også juli-tala frå NHO viser. Nesten halvparten av bedriftene planlegg å auke sine salsprisar meir enn den generelle lønnsveksten. Samtidig verkar også dei auka kostnadene som ein dempar på aktiviteten.

Kvar fjerde spurde bedrift trur at dei auka kostnadene vil føre til ein stor reduksjon i innteninga.

I tillegg har NHO spurt medlemmene sine kva dei planlagde rentehevingane frå Noregs Bank kan føre til. Der svarer 26 prosent av dei spurde at ei styringsrente på 3 prosent, som er det Noregs Bank siktar mot, vil bety ein stor eller ein middels stor reduksjon i planlagde investeringar – der reiselivsbedriftene er den største delen.

Publisert: 14.07.2022 12:44

Sist oppdatert: 14.07.2022 12:53

Mer om