Roekke vil bu to maanader i aaret paa Rev Ocean
VIL BU OM BORD: Kjell Inge Røkke (innfelt) har planar om å bu om bord i skipet fleire månader i året, har han fortald tidlegare. Her er skipet etter eit opphald ved Myklebust Verft. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Røkke var på verftsbesøk

Inspiserte forseinka prestisjeskip hos Vard.

Marius Rosbach
21.09.2022

For første gong sidan Kjell Inge Røkke emigrerte til Sveits, besøke romsdalingen Norge tysdag, ifølgje E24.no. Målet for turen var å inspisere forskingsskipet Rev Ocean som Vard har under bygging.

Etter rundt ni timar på Sunnmøre, forlot Røkke Vigra-flyplassen ved 18-tida.

- Eg er her i anledning REV, var det einaste forretningsmannen ville si til pressa etter besøket, ifølgje nettstaden.

Det er fortsatt uvisst når det kombinerte yacht og forskingskipet blir ferdig frå Vard.

Skulle vore ferdig
Skipet som Røkke bestilte i 2017, skulle vore ute på sitt første tokt i fjor vår. Fortsatt ventar moldenseren på svar om når verftet vil ha skipet klart.

Seinast førre veke henviste Rev Ocean-sjef Nina Jensen spørsmål frå NETT NO om tidspunkt for levering, til Vard.

- Det har lenge vore offentleg kjent at det har vore utfordringar med bygginga av skipet, og det er betydeleg forseinka. Vi har framleis ikkje fått eit oppdatert estimat på når skipet kan vere ferdig i henhald til kontrakt, opplyste Jensen då.

(saka held fram under)

Rev Ocean mai 2022 foto Marius Rosbach 11
BRATTVÅG: Rev Ocean ligg onsdag til kai ved Brattvåg-verftet til Vard. Her er skipet avbilda i mai tidlegare i år. Foto: Marius Rosbach

Håpar på snarleg løysing
Jensen la til at dei håpar på ei snarleg løysing til det beste for alle partar, og at ambisjonane for Rev Ocean låg fast.

- Om noko, så er ambisjonane forsterka, ettersom Kjell Inge ønsker å bruke meir tid på filantropi og havet framover. Dette inkluderer også hans viktige rolle som spesialutsending for FN, opplyste ho.

Jensen har tidlegare gitt uttrykk for at både mannskapet og Kjell Inge Røkke var «ekstremt frustrert, irritert og deprimert over forsinkelsene». Ei kansellering skal likevel ikkje være aktuelt, om Røkke får eit skip i tråd med kontrakta.

- Ingen kommentar
Verftkonsernet ville på si side ikkje kommentere saka til NETT NO – og det vil dei heller ikkje ovanfor E24.

- Dette har eg ingen kommentar til, er svaret frå kommuniksjonsdirektør Hege Anita Akselvoll til nettavisa.

Rev Ocean-skipet ligg no til kai ved Brattvåg-verftet.

Publisert: 21.09.2022 07:51

Sist oppdatert: 21.09.2022 18:26

Mer om