Klima ikkje omtalt i EUs femårsplan
I EUs neste femårsplan står tryggleik og industri i fokus, medan klima ikkje er nemnt.
NPK-NTB – Bibiana Piene: I den siste femårsplanen, som går ut i år, sette EU det grøne skiftet aller øvst.
I den nye planen , om skal gjelde fram til 2029, blir vekta derimot lagd på mellom anna forsvar og tryggleik, industri og konkurransekraft, og dessutan energi og migrasjon.
Klima er så langt ikkje nemnt med eit ord.
Den noverande femårsplanane resulterte mellom anna i 2021 med i ei klimalov som bind EU-landa til å kutte 55 prosent av utsleppa i 2030, samanlikna med nivået i 1990, og vere klimanøytrale i 2050.
I tillegg har EU vedteke ein omfattande lovpakke, «Fit for 55», som inneheld ei rekke klimatiltak.
Justerer kursen
– EUs strategiske dagsorden, slik han er formulert no, er basert på den verda vi lever i, og på ein geopolitisk situasjon som dessverre gjer det heilt nødvendig at tryggleik rykkjer oppover på dagsordenen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til NTB.
– Det betyr i og for seg at EU justerer kursen. Det har eg forståing for. Men eg synest ikkje vi kan lese det sånn at klima har vorte mindre viktig for EU, seier han..
Bjelland Eriksen meiner at det for EU no handlar mest om å få gjennomført alle klimalovene som er vedtekne.
– Veldig mykje av det klimaregelverket som trengst for å fremje omstillinga vi ønskjer å sjå i Europa i sommar, er allereie på plass. Og den kjem til å få lov til å verke framover.
– Og så er det ingen tvil om at samtidig som klimaplanen skal liggje fast, så må han gjennomførast på ein måte som sikrar industriell konkurransekraft i Europa. At vi skal ha industribedrifter som kan utvikle seg, seier han.
Flyttar utslepp
Ein ting bekymrar Bjelland Eriksen.
– Det er ein reell risiko for at ein gjennomfører klimapolitikk på ein måte som ikkje kuttar utslepp, men i praksis berre flyttar dei til andre stader. Delar av utsleppskutta som vi har sett i Europa dei siste åra, som i Tyskland, handlar jo om at industrien stenger ned eller reduserer produksjonen, seier han.
– Den utfordringa opplever eg at EU no tek meir tak i enn før. Det trur eg er klokt, for det er ei reell utfordring som vi må klare å ta på alvor, seier klimaministeren.
Langt frå målet
– Det er heilt utruleg, seier talsperson for partigruppa Dei grøne i EU-parlamentet Philippe Lamberts om den nye femårsplanen.
Han meiner at fråværet av klima i femårsplanen viser at dei store partia ikkje bryr seg.
– Dei gjer ikkje det. Viss dei gjorde det, ville klima vorte nemnt. I alle fall proforma, men ikkje eingong det bryr dei seg med, seier han til NTB.
For sjølv om det dei siste fem åra er sett rekord i klimalovgiving, er EU langt frå i mål, meiner han.
– La oss snakke om pesticid. Vatnet vårt er infisert, jorda er infisert. Har vi handtert dette? Absolutt ikkje, seier Lamberts og trekkjer fram naturrestaureringslova.
Lova er rekna som ein av berebjelkane i den grøne EU-pakta, men for ein månad sidan snudde medlemslanda i siste sekund, etter at ein avtale var forhandla fram med parlamentet. Det er svært uvanleg.
No er framtida til lova, som skulle sikre restaurering av øydelagde vass- og landområde, heilt uvisst.
– Vi treng ein «Green deal» 2.0, seier Lamberts.
Publisert: 26.04.2024 07:43
Sist oppdatert: 26.04.2024 07:43