Kartlegg det grøne skifte i Møre og Romsdal
Høg råvareimport gjer at næringslivet i fylket risikerer kostnadssmell.
Eit prosjekt som kartlegg kor langt næringslivet i Møre og Romsdal har kome i det grøne skiftet, er godt over halvvegs i arbeidet.
I juni kjem rapporten frå «Grønt industriløft Møre og Romsdal».
Under Ikubenkonferansen i Molde torsdag kunne prosjektleiar Hedda Krogstad i Innovasjon Norge avsløre at det ikkje blir berre blir lystig lesing.
– Sjølv om næringslivet vårt er godt posisjonert for å levere til grøne verdikjeder, kjem dei til å kome dårleg ut når det gjeld å nå måla for klimautslepp, fortel prosjektleiar Hedda Krogstad til Nett No.
Det er liten merksemd om at ein faktisk må gjere noko fordi vi har ei slik eksponering
Råvareimport vil bli dyrare
Ei utfordring Møre og Romsdal delar med resten av vestlandskysten, er at næringslivet er avhengig av stor import av råvarer. Eksempel på dette er fôr til matproduksjon, stål til maritim industri og bergarten bauksitt til aluminiumproduksjon.
Dette er råvarer som ofte blir produsert med høge klimagassutslepp, og er difor venta å bli avgiftsbelagt hardare.
– Ein ventar at det blir dyrare å forurreina, slik at råvarer som fører med seg høge utslepp, er dei som først er utsett for regulering med skattar og avgifter. Og vi er veldig avhengige av desse råvarene her i vårt distrikt, seier Krogstad.
– Men det er liten merksemd om at ein faktisk må gjere noko fordi vi har ei slik eksponering, og det er få bedrifter som er modne på sirkularitet, legg ho til.
Les også
Milliardinvesteringar og sirkulære løysingar
Knappheit på råvarer og tøffare berekraftskrav frå kundar, er andre faktorar som kan tvinge bedriftene til å legge om drifta i meir klimavennleg retning.
Samtidig ønsker norske politikarar å auke eksporten frå norsk næringsliv – eit mål som kan stå i motsetning til arbeidet med å redusere utsleppa.
– Utfordringa i vår region er at mange som eksporterer, nyttar mykje kraft og har høge utslepp. For å kutte desse utsleppa trengst milliardinvesteringar, meir kraft og sirkulære løysingar, seier Krogstad.
Gode lokale forbilde
Prosjektleiaren legg ikkje skjul på at mange bedrifter i Møre og Romsdal har ein del å gå på, før dei har omsett rapportering til handling.
– Ein del selskap har laga klimarekneskap, men dei færraste har ein plan for korleis dei skal senke utsleppa sine, legg ho til.
Under konferansen var ei rekke lokale bedrifter på scena for å fortelje korleis dei hadde lukkast med å vere både klimavennlege og lønnsame.
It-bedrifta Isi på Åndalsnes har revolusjonert arbeidet med å inspisere vegrekkverk over heile landet. Eit par steinkast unna har madrassprodusenten Wonderland halvert klimaavtrykket frå kvar madrass dei lagar.
Tovegskommunikasjon med bedrifter
Oppdraget med frå «Grønt industriløft Møre og Romsdal» gjerast saman med fylkeskommunen. Arbeidet skal også kartlegge grøne og sirkulære prosjekt i regionen med vekstpotensiale, og komme med forslag til vegen vidare.
Undervegs besøker prosjektmedarbeidarane ein rekke bedrifter, både for å høyre korleis dei jobbar og for å få vite kva dei ønsker at verkemiddelapparatet skal satse på framover.
– Vi er ute og besøker mange bedrifter. Då blir det samtidig ein tovegskommunikasjon. Vi trur mange vil ha nytte av å samarbeide og då kan vi bidra med å kople aktørar, fortel prosjektleiaren.
– Langt unna ei berekraftig framtid
Prosjektleiar for Bærekraftsløftet i Møre og Romsdal, Jon-Kristian Rydningen, deltok også på Ikubenkonferansen torsdag.
Han var tydeleg på at ei grøn omstilling ville påverke både kostnader og inntekter for mange bedrifter. Og at det ikkje berre var eit arbeid som kan gjerast av «berekraftansvarleg» åleine.
– Det er eit arbeid som tek tid – og det blir faktisk berre dyrare å vente, sa han.
– Med dagens tempo er vi ganske langt unna ei berekraftig framtid, la Rydningen til.
– Billigare og enklare å kutte utsleppa
Professor Lars J. Nilsson har forska på energisystem i 30 år og er hovudforfattar av en rekke rapporter for det internasjonale klimapanelet (IPCC).
Under konferansen i Molde var han tydeleg på at det hastar med å få opp tempoet. Samtidig var han grunnleggjande optimist.
– Det blir berre billigare og enklare å kutte utsleppa, sa Nilsson og viste til at kostnaden for alt frå solceller, vindkraft og batteri går ned.
– Det er mykje som må gjerast, men det er også fullt mogleg å gjennomføre, la Nilsson til.
Publisert: 26.04.2024 05:00
Sist oppdatert: 26.04.2024 07:45