Kontrollutval visste ikkje om sal
Utvalet som har ansvaret for å vurdere fylket si involvering i kjøp av aksjar i omstridd selskap, visste ikkje at aksjane var selde igjen.
Då kontrollutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune hadde møte 2. desember i år sto saka om berekraftselskapet R8Me på saklista.
At Fylkeshuset As har selt seg ut av R8Me var ikkje kjent for kontrollutvalet, fortel Geir Ove Vegsund, som er er nestleiar i utvalet, til NETT NO.
Granskar aksjekjøp
Revisjon-og advokatselskapet Deloitte har fått oppdraget med å undersøkje om regelverket vart følgd, då selskapet Fylkeshuset As kjøpte halvparten av aksjane i R8Me-selkapet for fem millionar kroner frå ein tilsett i fylkeskommunen i 2021.
R8Me vart skipa i 2021 og har mål om kommersiell lansering neste år.
Idéen bak R8Me er å tilby ei rangering av mindre og mellomstore bedrifter i høve til FN sine 17 berekraftsmål.
Politiske reaksjonar
Fylkeshuset As er eit eigedomselskap der fylkeskommunen eig 51 prosent av aksjane. Transaksjonen og informasjonen om den, utløyste reaksjonar frå fylkespolitikarane, og blei ei sak for kontrollkomiteen.
Den politiske uroa kom samstundes som fylkespolitikarane handsama spørsmålet om etablering av selskapet Norsk Berekraftsenter, med fylkeskommunen som medeigar.
Administrasjonen tilrådde investeringa, men politikarane var misnøgde med saksførebuing og informasjonen dei fekk - og utsette heile saka på ubestemt tid.
Fylkestopp er dagleg leiar
På kontrollutvalet sitt møte 2. desember orienterte Deloitte om korleis selskapet planlegg å gjennomføre si undersøking kring aksjekjøpet.
Juridisk sjef Gudmund Lode i Møre og Romsdal fylkeskommune står oppført som dagleg leiar i Fylkeshuset As.
NETT NO har sendt han ei tekstmelding og mellom anna spurt kva Fylkeshuset fekk betalt for aksjane i R8Me, men har førebels ikkje fått svar.
Publisert: 16.12.2022 05:00
Sist oppdatert: 27.03.2023 14:22