Ute av omstridd selskap
Fylkeshuset, med Møre og Romsdal fylkeskommune som største eigar, har seld aksjane i berekraftselskap.
I desember 2021 sende fylkeskommunen ut ei pressemelding om at selskapet Fylkeshuset As, gjekk inn på eigarsida i R8Me As, som var skipa i mai 2021.
Ideen bak R8me er å tilby ei rangering av mindre og mellomstore bedrifter i høve til FN sin 17 berekraftsmål. Målet er ein mest mogleg automatisert prosess.
«Oppkjøpet er et nytt steg i Møre og Romsdal fylkeskommunes bærekraftsatsing», sto det i pressemeldinga.
Prisen - fem millionar kroner for 50 prosent av aksjane - sto ikkje i pressemeldinga. Heller ikkje at selgaren var Ingvild Nistad, grunnleggar av selskapet og tilsett i fylkeskommunen. Det kom fram seinare.
Handelen utløyste etterkvart sterke politiske reaksjonar, og revisjon- og advokatselskapet Deloitte er leigd inn for å granske transaksjonen på oppdrag for kontrollkomiteen i fylkeskommunen.
Tidlegare fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik er styreleiar i R8Me As og i Fylkeshuset As.
Har selt seg ut
Tidlegare fylkesplansjef Ole Helge Haugen vart tilsett som ny dagleg leiar i R8Me i sommar.
Han skriv i ein e-post til NETT NO at «R8Me As kjøpt tilbake aksjene Fylkeshuset As hadde i R8Me As - Fylkeshuset As er ikke lenger eier i R8Me As».
Haugen har ikkje opplyst kva R8Me har betalt Fylkehuset As for aksjane.
I første publisering av denne artikkelen sto det at Haugen ikkje har svart på kva Fylkeshuset as har fått betalt for aksjane. Det rette er at han ikkje har opplyst kva Fylkeshuset fekk betalt, berre at aksjane er selde.
Kapitalutviding
R8Me har også gjennomført ei kapitalutviding i haust.
Tre selskap gjekk inn med friske pengar; programvare- og systemutviklingsselskapet Skalar i Oslo, Byggtorget Holding og Plan 2030. Plan 2030 er eit datterselskap av Byggtorget Holding. Plan 2030 var 50 prosent medeigar frå før.
Kaj Bang Westre er største aksjonær i Byggtorget Holding. Westre er medeigar i og primus motor for NMK-bygga ved NTNU i Ålesund, og medeigar i Pirbygget.
Etter kapitalutvidinga er dette eigarane av R8Me as (tal på aksjar i parantes):
Plan 2030 As (71.000)
R8Me As (54.300)
Byggtorget Holding (16.350)
Skalar (8.350)
Skal hente meir
Haugen vil ikkje seie kor stor kapitalutviding i haust var i kroner.
«Retta emisjon- har ikke anledning til å opplyse om kurs på nåværende tidspunkt», skriv han.
R8Me arbeidar med ei større kapitalutviding, som etter planen skal gjennomførast innan utgangen av 1. kvartal 2023, ifølgje Haugen. Dei aksjane som er kjøpt for Fylkeshuset og som no er eigd av selskapet sjølv, blir eit element i den komande kapitalinnhentinga.
«Disse inngår i en større emisjon som er i prosess - avsluttes etter planen innen utgangen av 1. kvartal 2023», skriv Haugen.
Spådde kommersiell lansering tidleg i 2023
Fram til kommersiell lansering tidleg i 2023 var teknologiutvikling og utvikling av ein forretningsmodell, dei to viktigaste oppgåvene for R8Me sa Haugen til NETT NO i juni i år.
Forretningsmodellen handlar om kven som skal betale for produktet. Er det bedriftene som bestiller rangeringa, eller oppdragsgivarar som krev at deira leverandørar har ei slik rangering R8me tilbyr?
Stoppa berekraftsenter
Den politiske uroa rundt R8Me kom samstundes som fylkespolitikarane handsama spørsmålet om etablering av selskapet Norsk Berekraftsenter, med fylkeskommunen som medeigar.
Administrasjonen tilrådde investeringa, men politikarane var misnøgde med saksførebuing og informasjonen dei fekk - og utsette heile saka på ubestemt tid.
R8Me as | |
Tal i mill. kroner | 2021 |
Driftsinntekt | 0,3 |
Driftsresultat | 0,04 |
Resultat før skatt | 0,04 |
Publisert: 15.12.2022 10:00
Sist oppdatert: 27.03.2023 14:23