Koronatrøbbel for tannfisk-fisket
Eit godt år for Ervik Havfiske Holding-konsernet på Stadlandet kunne blitt enda betre om det ikkje var for korona.
Ervik Havfiske Holding morselskapet i Ervik-konsernet, som er eitt av dei største fiskeriselskapa i Noreg i tillegg til å vere engasjert i hotell, industri og handel heime på Stadlandet.
Selskapet driv mellom anna fiske etter tannfisk i Sørishavet. Der bremsa koronarestriksjonar kor mykje det kunne fiskast i fjor, seier konsernsjef Stig Ervik til NETT NO. Det, saman med ein stor salsgevinst på fartøy løfta inntekta i 2020, medverka til a driftsinntektene til Ervik Havfiske Holding-konsernet vart mindre i i 2021 enn i 2020.
Ervik Havfiske Holding eig, leiger ut og driv fiskefartøy til fisket i Sørishavet gjennom datterselskapet Ervik Ocean. Leigeinntektene er faste, men mangagementhonoraret varierer med fisket.
Oppsving i Noreg
Medan Ervik Ocean er eigd direkte av holdingselskapet på toppen av konsernet, er storparten av resten av verksemda samla i underkonsernet Ervik Havfiske, som mellom anna står for fiskeriverksemda i Noreg.
Der svinga både driftsinntekter og lønsemd oppover i fjor (sjå tabell).
Generasjonsskifte
Ervik-konsernet har dei siste åra arbeidd med eit generasjonsskifte.
Tremenningane Stig og Kjell Magne Ervik, som sidan 80-talet har bygd opp konsernet til det det er i dag, eig no saman med sine etterkomarar Ervik Havfiske Holding 50/50 gjennom kvar sine investeringselskap.
Selskapet planlegg vidare vekst, og har mellom anna etablert eigen sjømatdivisjon for å vere involvert i verdikjeda heilt fram til butikkleddet.
Under Nor Fishing seinare i august skal selskapet viser fram meir om si hittil største investering, planar om eit nybygg som først vart presenter for elever i Måløy tidlegare i år.
Ervik Havfiske Holding as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 777,2 | 867,3 |
Driftsresultat | 238,4 | 229,6 |
Resultat før skatt | 169,6 | 141,4 |
Ervik Havfiske as (konsern) | ||
Tal i mill. kr | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 701,7 | 593,0 |
Driftsresultat | 186,3 | 77,3 |
Resultat før skatt | 166,0 | 36,9 |
Publisert: 04.08.2022 10:15
Sist oppdatert: 04.08.2022 10:39