Stig Remøy Lars Luhr Olsen foto Ulstein Group 11
KJÆRKOMEN DOBBELKONTRAKT: Olympic-reiar Stig Remøy saman med verftsdirektør Lars Lühr Olsen ved Ulstein Verft i juli 2022, då Olympic kom med ein kjærkomen nybyggingskontrakt til verftet. Foto: Ulstein Group
Nytt

Magert år for Ulstein Group

Nytt minusresultat i fjor.

23.06.2023

Omlag ei halvering av driftsinntektene frå 2021 til 2022 skuldast at Ulstein Verft, som er eit datterselskap i Ulstein Group-konsernet, gjekk inn i 2022 utan nybygg i ordreboka. I løpet at 2022 fekk verftet nye nybyggingskontraktar, men det slår først ut for alvor i år.

Lønsemda var også under press, mellom anna på grunn av krigen i Ukraina. I 2021 gjekk Ulstein Group-konsernet med overskot etter seks år på rad i minus, men i fjor vart det eit nytt år i minus.

"Sjølv om vi i 2022 såg slutten på den akutte fasa av pandemien, påverka Covid-19 framleis både omsetning og kostnadsnivå. Krigen i Ukraina har gitt utfordringar for globale forsyningskjeder og ført til generell prisauke, noko som har hatt negative konsekvensar for konsernet. Spesielt prisutviklinga har innverka på kontraheringsaktiviteten i alle våre marknadssegment.", skriv Ulstein Group i ei pressemelding.

Nye oppdrag
I juli i fjor bestilte Stig Remøys selskap, Olympic, to skip for vindkraftmarknadene til havs hos Ulstein Verft.

"Vi var spesielt glade for å skrive kontrakt med Olympic, som er ein returnerande kunde, på to nybygg ved Ulstein Verft. Denne kontrakten inkluderer skipsdesign og skipsbygging, og også systemintegrasjon og forsyning av avanserte hybride kraft- og kontrollsystem.", skriv Ulstein Group i pressemeldinga.

Lukkast i ettermarknaden
Ordretørken i nybyggingsmarknaden i starten av fjoråret har vore medverkande til at Ulstein Group har satsa meir på den såkalla ettermarknaden, med vedlikehald, reparasjonar og ombyggingar.

"Vi har hatt om lag tretti fartøy innom verftet for klassing, reparasjons- eller serviceoppdrag, som også har generert leveransar frå fleire Ulstein-bedrifter. I Kina har Ulstein Electrical Technology gjennomført ei rekke prosjekt, og mellom anna saman med Ulstein Power & Control lykkast i å selje reservedelar og ettermarknadstenester til Sinoocean. Ulstein Marine Equipment er også inne i ein positiv trend, og eitt av deira prosjekt inneber levering av hovudtavler som ein del av GE-kraftpakken til Acta sine fartøy under bygging i Tyrkia.", heiter det i pressemeldinga.

Vil ha CO2-fond
Ulstein Group ventar det er blir oppdrag å hente i ein veksande marknad for meir miljøvennlege skip, men ber samstundes om at det både blir innført CO2- fond etter mønster at Nox-fondet. (Det betyr at CO2-utsleppsavgift frå reiarlaga blir sett inn i eit fond, som finansierer tiltak for å få CO2-utslepp frå skip ned.)

Konsernet ønskjer seg også at norske styresmakter stiller krav som gjer at også utanlandske verft må innfri norske krav til arbeidsvilkår og miljø, for å kunne vere med å konkurrere om oppdrag når offentlege aktørar bestiller nye skip.

Ulstein Group ASA (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt

633,4

1214,3
Driftsresultat-13,056,4
Resultat før skatt-28,318,7

Publisert: 23.06.2023 23:17

Sist oppdatert: 25.06.2023 19:45

Mer om