Ronny sørbotten coop 11
NYE AVDELINGAR: Marknadssjef Ronny Sørbotten i Coop Nordvest har opna nye lokalmatavdelingar i fleire butikkar på Nordvestlandet det siste årert. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Vil ha lokalmat til kvardag og fest

Pandemien har gitt oppsving for kortreist mat og drikke i daglegvarebutikkane.

Mange produsentar av lokal mat og drikke har opplevd kraftig vekst under koronapandemien.

Coop Nordvest, Meny-kjeden og Stiftelsen Norsk Mat deler det inntrykket av ei solid auke for denne delen av daglegvarehandelen.

«Lokalmatsjef» i Coop Nordvest Ronny Sørbotten kunne allereie i fjor vinter melde at salet auka godt i 2020, og omsetninga gjekk vidare opp i 2021.

– Dei siste to åra har vi utan tvil opplevd at folk er meir bevisst på kvar maten kjem frå, og at den er kortreist er ein fordel. Det er også meir tydeleg enn før at folk etterspør lokal mat og drikke til dagleg. Folk vil ha lokalmat til kvardag og fest, seier Sørbotten som formelt har tittelen marknadssjef.

I 2020 selde Coop Nordvest lokalmat for 175 millionar frå meir enn 150 ulike produsentar. Dei endelege tala for 2021 er ikkje klare enno, men Sørbotten fortel at pilene har peika oppover.

Fleire nye lokalmatavdelingar
Coop Nordvest har butikkar frå Sognefjorden og nordover til Stokkøya i Trøndelag. NETT NO møtte Sørbotten då dei opna Coop Extra-butikken på Hareid med ei rikhaldig lokalmatavdeling.

I løpet av det siste året har Coop Nordvest opna nye lokalmatavdelingar både ved Prix-butikkene på Sjøholt, Longva og Haramsøy, i tillegg til Syvde i Vanylven.

Sørbotten kan fortelje om solid auke i lokalmatsalet ved fleire av desse butikkane.

– Det viser at satsinga blir sett pris på, og at det også blir handla lokalmat ved dei mindre butikkane, legg marknedssjefen til.

Den største lokalmatavdelinga til konsernet, i Molde, var stengt delar av året, og trekte ned omsetninga på området totalt.

(saka held fram under)
Vegard Kjuus foto meny 11
AUKE: Toppsjef Vegard Kjuus i matvarekjeda Meny fortel at dei auka salet av lokalmat i fjor med 13 prosent. Foto: Meny
13 prosent auke hos Meny
Daglegvarekjeda Meny opplyser at salet av lokalmat auka med 13 prosent i 2021. Nordmenn vi ha norske produkt med unik historie og lokal identitet, seier Meny-sjef Vegard Kjuus.

Meny-kjeda generelt auka salet sitt med to prosent i 2021, men det er lokalmaten som er den store vinnaren. Det vart selt lokalprodusert mat for 1,35 milliardar kroner i 2021. Meny-sjefen fortel at på dei siste ti åra har lokalmat gått frå vere veldig smale produkt for spesielt interesserte, til noko mange vil ha.

– Gledeleg utvikling
– Dette er ei gledeleg og viktig utvikling som bidreg til fleire lokale arbeidsplassar og mangfald av leverandørar, pluss større utval av norskproduserte varer i butikkane våre, seier han.

Erfaringane frå Meny og Coop Nordvest samsvarar med det Stiftelsen Norsk Mat har. Då dei presenterte dei siste tala sine frå september 2020 til august 2021, gjekk det fram at det var ein auke i salet med 858 millionar kroner. Totalt vart det selt lokal mat og drikke for 11,3 milliardar kroner i denne perioden.

– Salsvinnar i daglegvarebutikken
Nina Sundqvist er administrerande direktør i Norsk Mat. Ho fortel at det i koronaperioden har vore ein nedgang i salet av lokalmat og drikke til storhushaldningar, som restaurantar og kafear. Det kjem i stor grad av at store delar av reise- og utelivet har vore nedstengt.

– For tredje året på rad er lokalmat- og drikke ein salsvinnar i daglegvarebutikken, med totalt 6,8 milliardar kroner. Folk har ete meir heime, handla meir i Noreg og vore opptekne av å støtte lokale mat- og drikkeprodusentar og norske arbeidsplassar. Dette blir støtta av forbrukarundersøkingane våre, seier ho.

Når det gjeld drikkevarer, så er det same tendensen som for mat. Det lokale handverksølet er ein klar salsvinnar, men det er også ei klart aukande interesse for lokalprodusert brennevin.

Salstala viser også ein fin vekst for Bondens Marked, Reko-ringar, matfestivalar og liknande typar sal, fortel ho.

Namn og adresse
Sundqvist har ein kortversjon av kva lokal mat og drikke er. Det er mat og drikke med namn og adresse. Landbruks- og matdepartementet har ein litt utvida definisjon:

«Mat- og drikkeprodusentar med ein lokal identitet, særeige opphav eller spesielle kvalitetar knytte til produksjonsmetode, tradisjon eller produkthistorie».

Lokal mat og drikke er produkt frå mindre aktørar i marknaden, og uttrykket kortreist er ikkje med i denne definisjonen. Dette sjølv om dei lokale matvarene også er kortreiste for mange.

Nina Sundqvist fortel at alle dei tre store daglegvarekjedene her i landet, Coop, Norgesgruppen, som Meny er ein del av, og Rema 1000, alle har eit omfattande sal av lokal mat.

– Vi har ein mattradisjon og matkultur her i landet som har kvalitet som ikkje står tilbake for noko anna land, avsluttar ho.

Publisert: 04.01.2022 15:46

Sist oppdatert: 04.01.2022 15:24

Mer om