Montasje npk sjømat even ramsvik foto npk 11
Even Ramsvik frå Sjøholt på Sunnmøre er kokk og restauranteigar i Oslo. Han meiner det er større breidde og kvalitet i maten i Noreg enn tidlegare. Foto: Peder Skjelten / NPK
Nytt

Størst etterspurnad utanom sesong

Stjernekokk frå Sjøholt er tilhengar av å nytte råvarer i sesong - men forstår kvifor nordmenn et dobbelt så mykje reker om sommaren som om vinteren.

NPK
03.01.2022

(NPK-Peder Skjelten): Nordmenn et dobbelt så mykje reker om sommaren som om vinteren, sjølv om det er i vintermånadane reker og sjømat faktisk har den beste smaken.

Skjergard, båt, bryggje og sol er nokre av dei mest vanlege assosiasjonane vi nordmenn har til sommaren. Når vi er nær havet, ønskjer vi også å ete sjømat. Difor er det om sommaren det er størst etterspurnad. I sommar førte det blant anna til rekemangel fråSørlandet til Nordland og kiloprisen for reker blei 300 kroner på det meste, medan bransjen fortvilte over låge kvotar og fangstar.

– Reker og blåskjel har jo dei smakane som ein søkjer til på sommaren. Der ein ønskjer lett sommarmat, blir reker og skaldyr godt, seier Trym Eidem Gundersen, Norden-sjef i Noregs sjømatråd.

Når algane forsvinn ...

Men det er om vinteren reker og annan sjømat, smakar best.

Når havet blir kaldare, forsvinn algane, noko som betrar levevilkåra for skaldyr og skjel. Dei er også då i gang med å legge opp eit energilager til gytinga på våren, og blir i løpet av vinterhalvåret fulle av kjøt og god smak. Det same gjeld for fisk.

Allereie dei første haustmånadane sokk rekesalet betrakteleg, og det er på det lågaste i desember og januar, viser tal for daglegvaresal frå analysebyrået Nielsen. På vinteren blir det selt halvparten så mykje reker som på sommaren.

Samla har sjømat likevel jamt med sal gjennom heile året. Det kjem av at fisk, spesielt skrei, sel mykje meir om vinteren enn om sommaren, slik at det blir ein balanse i salstala gjennom kalenderen, fortel Eidem Gundersen i Sjømatrådet.

Også ulike fiskeprodukt som fiskepinnar, fiskekaker og fiskegrateng bidreg til å halde dei samla salstala for sjømat stabile heile året.

(saka held fram under)

Trym Eidem Gundersen Foto Noregs sjømatråd
Trym Eidem Gundersen i Noregs sjømatråd tør ikkje spå om rekeprisane vil halde fram på rekordnivået dei hadde i juli og august i år. Foto: Noregs sjømatråd
Etterspurnad avgjer rekepris

Nordmenn vil truleg halde fram å assosiere sommaren med skjergard, båt og reker, og det vil gjere at etterspurnaden etter dei små krepsdyra vil halde fram å vere størst på somrane.

Men det er vanskeleg å spå om prisane vil halde fram på dei nivåa dei hadde i juli og august i år.

– Prisen blir regulert etter marknad og etterspurnad. Framtidige rekeprisar vil også avhenge av tildelte kvotar og fangst, men vi er merksame på skeivfordelinga og ønskjer å møte etterspurnaden til forbrukaren, seier Trym Eidem Gundersen.

God tilgang på sjømat
Even Ramsvik er kokk og restauranteigar i Oslo og har tidlegare vore innehavar av ei Michelin-stjerne med restauranten Ylajali.

Som kokk er han oppteken av å skape matprofilar som speglar matsesongane vi er i. Då er norske råvarer i sesong nøkkelen.

– Om det er vinter i Noreg, frost på bakken, og du går i ullundertøy og set deg på ein restaurant og får servert asparges frå Frankrike, ville det skurra for meg, trass i at aspargesen er i sesong i Frankrike i februar. I Noreg får vi ikkje grønsaker før i april. På vinteren har vi derimot betydeleg betre tilgang på sjømat på denne årstida, og sjømaten er i tillegg i sesong, slår han fast

Sjå mellom fingrane
Meisterkokken meiner noko av grunnen til at nordmenn ikkje er like knytte til å ete sesongbasert mat som våre nordiske naboar, er i at vi har kortare sesongar, med meir utsett vêr og brutal natur.

Han understrekar at det ikkje er slik at ein helst bør unngå mat som ikkje er i sesong. Mat skal også vere knytt til velvære og glede.

– Nokre gongar må ein sjå gjennom fingrane på dei overordna sesongane. Når eg er på bryggja eller i skjergarden på sommaren, vil eg gjerne ha reker, sjøkreps og blåskjel, for det er ein smaksprofil som er lettare og friskare enn fenalår, rømmegraut og lapskaus på ein varm sommardag. Det skal også få lov trumfe, seier han.

Endring i norsk matkultur
Dei siste åra har det skjedd ei endring i nordmenn sitt forhold til mat, meiner Ramsvik. På berre ti år har det kome større breidde og kvalitet på maten enn tidlegare.

– Dei siste åra opplever eg at spisestadar rundt om i Noreg fokuserer meir på kortreist og berekraftig mat. Det gjeld alt frå Hurtigruten og restaurantane i storbyane til små spisestadar langs fjordar og motorvegar.

– Også i daglegvarebutikkane er det mykje betre enn før, og eg merkar at det har kome mykje meir sesongbasert mat enn tidlegare, seier Ramsvik.

Han nemner blant anna norsk lam, grønsaker og frukt som noko daglegvarebutikkar har blitt flinke til å få inn som sesongvarer. Men med unntak av skrei er det ikkje mykje sesongbasert sjømat.

– Eg skulle gjerne sett meir sjømat i utval i sesongen, som taskekrabbe og sjøkreps. På den tida av året dei er i sesong kunne utvalet vore vesentleg betre.

– Så handlar det også om etterspurnad. Dei fleste spør etter ferske reker på sommaren og ikkje om vinteren. Hadde fleire spurt om ferske reker på vinteren eller taskekrabbe på hausten, så hadde det vore eit betre utval når dei er i sesong, seier han.

(©NPK)

Publisert: 03.01.2022 09:02

Sist oppdatert: 03.01.2022 09:36

Mer om