Hellesylt Vandrerhjem Ålesund hostel vandrerhjem foto skjermfoto 11
FLEIRE SELSKAP: Eigaren av overnattingselskapet på Hellesylt, som no er konkurs, er involvert i vandrarheimar både i Ålesund (innfelt) og i Bodø. Foto: Skjermfoto/Facebook
Nytt

Drivar av fleire vandrarheimar konkurs

I fjor blei to selskap tvangsavvikla, no er eit anna konkurs.

Marius Rosbach
31.03.2022

Møre og Romsdal tingrett opna tysdag konkurs Hellesylt Vandrerhjem, etter krav frå skatteetatten på nær 690.000 kroner.

Dagleg leiar og styreleiar Einar Arne Aasestrand har dei siste åra vore involvert i fleire selskap som er tvangsavvikla, eller det ikkje har vore levert rekneskap i tråd med lova.

I fjor sommar blei han difor ilagt konkurskarantene. Retten meinte imidlertid at han ikkje skulle bli fråteken eksisterande verv, og har difor kunne halde fram med eksiterande selskap.

Meiner krava kan bli redusert
Aasestrand forklara i retten denne veka at han meinte gjelda kunne bli redusert med kring 250.000 kroner, om han fekk medhald i såkalla oppfrisking. Det betyr at skattestyresmaktene gjer ei ny vurdering av kravet.

Han erkjente samtidig at selskapet ikkje var i stand til å ta seg forpliktingane sine.

Bustyrar for konkursen er Jahn Waage Aurdal, som fortel til NETT NO at han i desse dagar jobbar med å sette seg inn i saka.

Utover at det ikkje skal ha vore drift i selskapet sidan i fjor, har Aurdal få opplysningar førebels.

To selskap tvangsoppløyst i fjor
Bustyraren har tidlegare teke seg av fleire konkursbu med same eigar.

Aurdal var den som bad om at drivaren skulle få karantene i fjor, då Hellesylt Motelldrift og Ålesund Vandrerhjem blei tvangsoppløst.

Bakgrunnen var et mønster med manglende regnskapsdokumentasjon over flere år, i flere selskap, heitte det i den eine sluttrapporten frå advokaten.

Milliongjeld i andre selskap
Som følgje av karantenen har Aasestrand forbod mot å starte ny forretningsverksemd før juni neste år.

Men han er framleis dagleg leiar og styreleiar i Norhostel As – som har dreve vandrarheim i Ålesund – i tillegg til Bodø Vandrerhjem og Åsestrand Agentur. Ingen av desse selskapa har levert rekneskap etter 2019. På det tidspunktet viste tala ei samla gjeld på nær seks millionar, og at eigenkapitalen var tapt i to av tre selskap.

– Eg har ikkje noko problem med å forstå at jobben som er gjort, ikkje er innafor, sa Aasestrand då NETT NO snakka med han om tvangsavviklingane i fjor.

Når det er nærståande selskap, er det også naturleg å sjå om det er koplingar og transaksjonar mellom selskapa
Jahn Waage Aurdal

Vil sjå på koplingar
Bustyrar Aurdal fortel at han i utgangspunktet skal sjå på drifta av konkursråka Hellesylt Vandrerhjem.

– Men når det er nærståande selskap, er det også naturleg å sjå om det er koplingar og transaksjonar mellom selskapa som kan påkalle interesse frå buet, seier Aurdal.

Publisert: 31.03.2022 15:43

Sist oppdatert: 31.03.2022 15:50

Mer om