Mmc lærlingar merete mostue foto marius mmc 11
BERGA LINJE: HR-direktør Merete Mostue (t.h.) i MMC First Process fortel at den berga linja no opplever stor søking. Til høgre Liv Randi, Odin og Espen som var lærlingar i bedrifta då Ålesund-linja blei berga. Foto: Marius Rosbach/MMC First Process
Nytt

Berga linje med få søkjarar – no er det kamp om plassane

MMC First Process lova pengar til kvar elev som gjennomfører utdanning. Det kan bli dyrt.

Marius Rosbach
06.07.2022

MMC First Process er ikkje ukjent med å ta opp kampen for nedleggingstruga utdanningstilbod.

Bedrifta som gjekk i bresjen for å redde kulde- og varmepumpelinja i Ålesund for nokre år sidan, har engasjert seg igjen.

Politikarane snudde
Denne gongen gjeld det tilsvarande linje ved Godalen vidaregående skule Stavanger. Elevane er viktige for rekrutteringa til MMC First Process si avdeling i Haugesund, men stod i fare for å bli lagt ned.

– I mars var det berre ein søkjar til linja, men etter at bransjen kom på bana og fleire medieoppslag, er det no 19 søkjarar til 15 plassar, fortel HR-direktør Merete Alnes Mostue til NETT NO.

Det førte til at fylkespolitikarane i Rogaland snudde og likevel lot linja leve.

Vi håpar at alle består, for vi treng dei inn i næringa vår
Merete Mostue

– Heilt essensiell i verksemda
Mostue fortel at MCC First Process lova 20.000 kroner kvar til elevane som fullførte studiet.

Om alle dei 15 elevane fullfører betyr det at løftet vil koste dei 300.000 kroner. Det er vel avvende pengar, påpeiker ho.

– Vi håpar at alle består, for vi treng dei inn i næringa vår. Dette er ein kompetanse som er heilt essensiell i verksemda vår, legg ho til.

Spanderer festivaltur
MMC First Process har opplevd stor vekst dei siste åra, og HR-sjefen har rekruttert ein rekke nye tilsette.

I tillegg til å engasjere seg i utdanningar som er viktige for eigen bransje, har dei samarbeida med Momentium i arbeidet med å trekke til seg nye medarbeidarar.

Mostue har halde i trådane i prosjektet der dei betalar festivaltur til Ålesund for potensielle nye tilsette.

– Å samarbeide på tvers av bransjer er ein ny måte å tenke regionbygging på. Det å gå saman og synleggjere dei ulike kvalitetane, vil gjere regionen bli meir attraktiv, meiner Mostue.

Risikerer å «stå att med lua i handa»
Samarbeidet har hauste mykje ros for at dei har «tenkt på meir enn barnehageplassar» når dei har marknadsført seg som arbeidsplass. Og kandidatene som kjem på besøk får også møte fire andre bedrifter på turen, fortel Mostue.

Mangelen på arbeidskraft hemmer allereie veksten hos ein rekke bedrifter i regionen, og HR-direktøren trur bedriftene må vere meir kreative framover.

– Viss ikkje, risikerer vi å stå att med lua i handa, åtvarer ho.

Publisert: 06.07.2022 14:25

Sist oppdatert: 08.07.2022 12:00

Mer om