Fleire jenter vel «typiske gutefag»
Ein rekke linjer har fleire jenter enn før ved oppstart i år.
Når dei vidaregåande skulane startar neste veke, vil kring 20 prosent av elevane på bygg- og anleggsteknikk, teknologi- og industrifag og IT og medieproduksjon vere jenter.
Det er nær ei dobling frå 2018, ifølgje ei melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Bryte ned tanken om «jentefag» og «gutefag»
Trenden om at fleire jenter vil gå yrkesfaglege utdanningsprogram, som har vore sett på som «typiske gutefag», er gledeleg, meiner kompetansessjef Kariann Dimmen Flovikholm.
- Det er viktig for oss at elevane vel ei utdanning og ein yrkesveg som dei er motiverte for og vil trivast med, uavhengig av om det er flest jenter eller gutar på utdanningsprogrammet dei søker på. At fleire jenter vel utradisjonelt, betyr at vi på kan bryte ned tanken om «jentefag» og «gutefag», seier ho i meldinga.
Jamn auke
Delen jenter som vel yrkesfag har gått frå 38 % i 2018 til 41 % i 2022 i Møre og Romsdal.
Auken av kvinnelege søkarar til bygg- og anleggsteknikk, teknologi- og industrifag og IT og medieproduksjon har vore jamn.
Andre unge er dei viktigaste rollemodellane
Kompetansessjefen meiner at ungdommane sjølve er dei viktigaste rollemodellane for andre unge.
- Det å sjå at jenter trivast på for eksempel bygg- og anleggsteknikk, gjer at fleire jenter kan vurdere at det er eit aktuelt alternativ også for dei. Elevar som vel utradisjonelt, både jenter og gutar, er altså viktige for at fleire kan velje den utdanninga dei har lyst til, legg ho til.
Publisert: 19.08.2022 11:48
Sist oppdatert: 19.08.2022 11:53