Lærling utdanning foto Maritim Opplæring Nordvest 11
Illustrasjonsfoto: Maritim Opplæring Nordvest
Nytt

8 av 10 ferske fagarbeidarar i jobb

Færrast nyutdanna i jobb i Møre og Romsdal. Det har ei naturleg forklaring.

Marius Rosbach
24.08.2022

(NPK): Ferske tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 80 prosent av dei som tok fag- eller sveineprøva i 2020 eller 2021 er i jobb eitt år etter.

– Dette viser at etterspurnaden etter fagarbeidarar er stor og jobbmoglegheitene gode. Denne regjeringa vil halde fram satsinga på yrkesfaga slik at vi får endå fleire flinke fagarbeidarar i åra framover, seier kunnskapsminister Tonje Brenna i ei pressemelding.

Mange tek meir utdanning i nordvest
Det er variasjonar mellom fylka når det gjeld kor mange fagutdanna som kjem i jobb. Delen varierer frå 83 prosent i Innlandet, Trøndelag og Nordland, til 76 prosent i Møre og Romsdal.

Mange av dei fagutdanna som ikkje er i jobb, er i utdanning. Møre og Romsdal, som har den lågaste delen fagarbeidarar i arbeid, har høgast del som er i utdanning.

Møre og Romsdal har også vore mellom fylka der flest unge har teke fagutdanning dei siste åra.

Stabil utvikling

Utviklinga i sysselsetjinga blant nyutdanna fagarbeidarar har vore stabil dei siste åra. Mange frykta at pandemien ville føre til ein tøffare arbeidsmarknad for denne gruppa. I 2020 var det vanskelegare enn tidlegare år å få jobb som nyutdanna fagarbeidar, men dette betra seg i 2021.

– Eg er veldig glad for at så mange nyutdanna fagarbeidarane er i jobb kort tid etter at utdanninga er fullført. Noreg treng fleire fagarbeidarar og eg håpar dette inspirerer alle dei som no har starta på ei yrkesfagleg utdanning, til å fullføre med fagbrev», seier Brenna i meldinga.

Læreplass ein flaskehals
Fullføringsgrada på yrkesfag er 20 prosent lågare enn på studieførebuande. Ein hovudgrunn er framleis at mange elevar ikkje får læreplass.

Ifølgje Brenna skal det i 2022 brukast meir enn éin milliard på yrkesfag og kvalifisering. Desse tiltaka handlar mellom anna om å følgje opp elevane tettare gjennom skuleåra på yrkesfag og når dei går ut i bedrift som lærlingar, skaffe fleire læreplassar og satse på kvaliteten i yrkesfagopplæringa.

Sjå tal frå Udir her (ekstern lenke)

(©NPK)

Publisert: 24.08.2022 13:32

Sist oppdatert: 18.01.2023 11:20

Mer om