Mørenot sjef Arne birkeland H M Kronprins Haakon på Aqua Nor 2019 Mørenot FSN Capital foto Ogne
FINT BESØK: Kronprins Haakon opna Aqua Nor-messa i 2019. Her er han på besøk på standen til Mørenot. Årets AquaNor ventar opptil 30.000 besøkande. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Rekordinteresse, trass grunnrenteskatten

Rundt 70 bedrifter frå Nordvestlandet stiller på stand når oppdrettsmessa Aqua Nor opnar til veka.

20.08.2023
ANALYSE

Dei omlag 600 utstillingsplassane på verdas største teknologimessa for oppdrettsbransjen i Trondheim vart utseld på to dagar, og messa ventar opp mot 30.000 besøkande frå rundt 80 land, seier rådgivar Erik Hempel hos messearrangøren.

Dei omlag 70 utstillarane som stiller frå NETT NO sitt dekningsområde hadde ei samla driftsinntekt på omlag 24 milliardar kroner i fjor. Mykje pengar heng gjerne saman med mange arbeidsplassar, og tala viser at oppdrettsbransjen er stor og viktig for Nordvestlandet, som er eit tyngdepunkt for bedrifter som leverer utstyr, varer og teneste til oppdrettselskapa.

I fjor haust gjekk oppdrettsbransjen i svart då statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) overraska både bransjen og andre med at regjeringa ville innføre grunnrenteskatt på sjøbasert oppdrett - i tillegg til den ordinære selskapsskatten.

Bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Sjømat Norge anslo at investeringar for omlag 40 milliardar kroner vart lagt på is, og der ligg storparten av investeringsplanane framleis, ifølgje Øyvind André Haram i Sjømat Norge.

Ein del investeringsplanar for ting som må gjerast er sett ut ut livet, men mykje av det som kan vente, er framleis på vent.

Det råkar først og fremst bedriftene som lever av å levere utstyr, varer og tenester til oppdrettselskapa, med andre ord fleire selskap på Nordvestlandet.

Regjeringa innførte grunnrenteskatten frå 1. januar i år, men fekk den ikkje gjennom i Stortinget før i vår. Viktige detaljar som kva skattesats som skulle gjelde var ikkje kjent før i slutten av mai i år.

Og framleis er det uvisse rundt skatten, fordi næringa manglar avklaring om kva pris det skattepliktig overskotet skal bereknast frå.

Forslaget til kva prinsipp utvalet som skal fastsette den prisen på, er ute på høyring. I år er det den reelle marknadsprisen som skal leggast til grunn, men kva som blir den varige løysinga står att å sjå.

Uvissa om konsekvensen av grunnrenteskatten har blitt mindre. Når regjeringa omsider får avklart alle detaljane om grunnrenteskatten vil næringa i alle fall vite kva regelverk og skattenivå den har å halde seg til - etter minst eitt år med uvisse som har gått ut over investeringsviljen. Den brutale investeringsstoppen uvissa skapte kunne vere unngått eller dempa om regjeringa hadde tatt seg betre tid.

Etterspørselen etter laks blir ikkje påverka av at oppdrettselskapa vil skatte meir, og inntektene før skatt kan godt halde fram med å vere svært gode.

Men grunnrenteskatten vil tappe milliardar ut av oppdrettselskapa. Difor vil den uansett ha ein effekt på investeringsnivået, også etter at alle detaljane om korleis skatten blir er avklart.

Å redusere investeringsnivået er ein måte å sikre at eigarane av oppdrettselskapa framleis kan få god avkastning, sjølv med auka skatt.

Investeringane som vil ryke først er truleg dei som er mest risikable og ligg lengst unna kjerneverksemda.

Med andre ord - ringverknadane og teknologiutviklinga frå oppdrettselskapa blir mindre, enn dei ville vere utan skatten.

Kvifor Aqua Nor-messa i Trondheim likevel er full kan svarast på med eit nytt spørsmål:

Kva er alternativet?

Her når du potensielle kundar frå heile verda, også frå anna oppdrett en av laks. Dei kan trengast.

Publisert: 20.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 22.08.2023 17:19

Mer om