Langtidskontrakt for Rem Offshore
Leiger ut nybygg i to år.
Rem Offshore sitt nye serviceskip for vindkraftanlegg til havs er leigd ut for to år frå andre kvartal 2024.
Det skriv Rem Offshore i ei pressemelding.
Skipet skal arbeide på Sofia Offshore Wind Farm på Doggerbanken i Nordsjøen.
Rem Offshore inngjekk i august 2021 avtale med Vard om å byggje to 85 meter lange og 19,5 meter breie spesialskip for offshore vind. Denne kontrakten hadde samla verdi på rundt 100 millionar euro, og det er i tillegg opsjonar på to til skip.
Første skroget skal byggjast ved Vard sitt verft i rumenske Braila, medan skroget til skip nummer to skal byggjast ved Vard-verftet Vung Tau i Vietnam. Det første skipet skal leverast frå Vard Søviknes i mai i år. Det er det som no er leigd ut på to-årskontrakt.
Publisert: 17.01.2023 16:15
Sist oppdatert: 17.01.2023 17:10