Legg fram eksportsatsing i Ålesund
Næringsministeren fortel korleis regjeringa skal selje norsk maritim industri til utlandet.
Tysdag kjem næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) til Ålesund for å legge fram regjeringa si satsing på maritim eksport.
Det skjer ved Pir-bygget i Ålesund sentrum klokka 18 og du kan følgje direktesending via NETT NO.
Satsinga er ein del av regjeringa sin eksportstrategi «Hele Norge eksporterer», der det blir satsa på enkelte bransjar eller områder.
Maritim industri og havvind er dei to første satsingsområda som er peika ut.
I fjor vart det laga ein rapport ført i pennen av Heidi Nakken i ÅKP, som peika på ein rekke moglegheiter for maritim industri. Tysdag er det venta at næringsministeren kjem med konkrete tiltak om korleis satsinga skal gjennomførast.
I ei pressemelding påpeiker Vestre at den maritime bransjen er i rask endring, og at marknaden for løysingar med lågare utslepp, er venta å bli stort.
Difor meiner Ap-statsråden tida er inne for legge fram ei maritim eksportsatsing.
- Vi må posisjonere oss i den globale marknaden for å sikre oss arbeidsplassar og eksportinntekter mange år fram i tid, uttaler Vestre.
Det overordna målet til regjeringa med strategien, er å auke eksporten med 50 prosent innan 2030.
Publisert: 02.05.2023 00:04
Sist oppdatert: 02.05.2023 18:39