Nye pengar til Hyperthermics
18 millionar i ny eigenkapital, og planlegg ny emisjon i løpet av året.
I fjor gjekk eksisterande eigarar, saman med Måsøval Eiendom og Farvatn Private Equity, inn med tilsaman 45 millionar kroner i ny eigenkapital i Hyperthermics i Ulsteinvik.
No har selskapet henta inn ytterlegare 18 millionar kroner i ei kapitalutviding der både dagens eigarar og energiselskap deltek, ifølgje ei melding frå selskapet.
Selskapet har også fått indikasjonar frå ein eksisterande eigar, om at investoren vil gå inn med i overkant av 20 millionar kroner i andre kvartal i år.
Biogass og fiskeslam
Ideen bak Hyperthermics er å
bruke bakteriekulturar som arbeider under trykk og høg temperatur til å
få fart på nedbrytinga av biologisk materiale, slik at produksjonen av
biogass går raskare.
Undervegs er ideen videreutvikla til å også utvinne andre produkt gjennom prosessen. I eit samarbeid med Hofseth Aqua skal fiskeslam omdannast til proteinmjøl, biogass og biogjødsel ved hjelp av bakteriar.
Meir om Hyperthermics: (saka held fram under)
Les også
Storaksjonæren i oppdrettselskapet Måsøval satser på Hyperthermics-teknologien.
Hyperthermics-sjefen gler seg over å ha fått inn «strategiske investorar» mot havbruk.
Siktar mot å inngå sin første kommersielle avtale i første halvår.
Målet er å hente inn 12 millionar kroner i løpet av fjerde kvartal.
Hyperthermics i Hovdebygda hentar inntil 20 millionar kroner i ny emisjon.
Kommersielt gjennombrot
Hittil har verksemda til Hyperthermics handla om pilotanlegg og intensjonsavtalar, men ifølgje meldinga ventar selskapet eit snarleg kommesielt gjennombrot.
- På biogassområdet nærmar vi oss slutten på ei velllukka testfase hos ein leiande europeisk biogassprodusent, og prosjekterer no ein storskala leveranse til denne kunden, seier dagleg leiar Erlend Haugsbø i melding.
Kunden er truleg det danske selskapet Nature Energy. I meldinga frå Hyperthermics skriv selskapet at det har gjennomført fleire vellukka testar på sitt pilotanlegg i Danmark. Det er bygd for Nature Energy.
200 millionar kroner
Kapitalutvidinga i fjor verdsette selskapet til 200 millionar kroner.
Etter den kapitaltutvidinga var dei tre største eigarane Vardar Holding med 19,5 prosent (hadde 21,6 prosent eigarandel før emisjonen), Ronja Capital II med 15,3 prosent (16,3 prosent før emisjonen) og Hyperthermics Holding med 13,2 prosent (16,7 prosent før emisjonen).
Publisert: 02.02.2023 05:00
Sist oppdatert: 02.02.2023 00:24