Erlend Haugsbø foto Hyperthermics
SHELL: Etter at Erlend Haugsbø signerte ein avtale med Nature Energy i 2021 er det danske selskapet kjøpt av Shell, som ein del av Shell si satsing på energi med låge CO2-utslepp. Foto: Hyperthemics
Nytt

Ventar kommersielt gjennombrot i år

Avsluttande testar i Danmark kan opne for storkontrakt med Shell-selskap.

24.05.2023

- Vi forventar det store kommersielle gjennombrotet i år, seier Hyperthermics-sjef Erlend Haugsbø.

I 2021 fekk Hyperthermics ein avtale om å bygge og levere eit testanlegg til eitt av danske Nature Energy sine biogassanlegg, ved Videbæk på Jylland. Der går testperioden mot slutten.

Hittil har selskapet gjennomført testar som viser at mengda biogass aukar ved bruk av den patenterte teknologien. Framover skal det også gjerast forsøk med eventuelt raskare produksjon av biogass.

- Vi er fornøgd med testresultata i Danmark, seier Haugsbø.

Kjøpt av Shell
Etter at Hyperthermics signerte avtalen med Nature Energy i 2021 er det danske selskapet kjøpt av oljeselskapet Shell for to milliardar dollar. Kjøpet er ein del av Shell si satsing på energikjelder med låge CO2-utslepp, skreiv Shell i ei pressemelding i fjor haust.

Med ein positiv konklusjon fra testfasen håpar selskapet å kunne få sitt kommersielle gjennombrot med eit anlegg i industriell skala. Eit anlegg i ein slik skala vil ha ei byggeperiode på rundt 12 månadar, ifølgje Haugsbø.

Bakterie under trykk
Ideen til Hyperthermics er å bruke ein bakterie som trives under trykk og med høge temperaturar i anlegg som vinn ut biogass frå nedbryting av biologisk avfall.

Gassen kan brukast som energikjelde på lik line med naturgass frå tradisjonell olje- og gassutvinning. Gassen blir rekna som nøytral med omsyn til CO2-utslepp fordi den er basert på biologisk materiale, der gassen inngår i ein krinslaup og ikkje tilfører atmosfæren meir CO2.

Hyperthermics spring ut av miljøet rundt Natural-gründer Jan Remmereit i Hovdebygda. Selskapet var eitt av selskapa som blei etablert etter at han selde aksjane sine i Natural til Kjell Inge Røkkes Aker i 2006.

Selskapet har gjennomført fleire kapitalutvidingar og i 2018 vart innsatsen auka, med fleire tilsette og hovudkontoret plassert i Ulsteinvik.

I dag er energiselskapet Vardar, Halsebakk-familiens investeringsselskap Ronja Capital II og Life Capitol dei tre største aksjonærane. Jan Remmereit og hans familie er største eigar i Life Capitol.

Hyperthermics as

Tal i mill. kroner

20222021
Driftsinntekt10,11,7
Driftsresultat-14,9-13,6
Resultat før skatt -15,3-13,4

Publisert: 24.05.2023 12:00

Sist oppdatert: 24.05.2023 22:09

Mer om