Meek aukar arbeidsstokken
MÅ REDUSERE: Dagleg leiar Bjørn Meek i PE Bjørdal fortel at Ørsta-bedrifta må seie opp 20-25 tilsette.
Nytt

Må seie opp 20-25 tilsette

Rekordomsetning i fjor - tøffe tider i år for PE Bjørdal, etter bortfall av Russland-kontraktar.

Marius Rosbach
12.12.2022

Dagleg leiar Bjørn Meek i PE Bjørdal stadfestar at selskapet må seie opp opptil 25 tilsette.

– Ja, vi må dessverre gå til dette skrittet, svarar han i ein e-post på spørsmål om opplysningane NETT NO har fått vite om oppseiingar, stemmer.

– Vi har informert tilsette og starta prosessen internt, så vi rekna med at rykta har begynt å gå, legg han til.

Meek viser til ei pressemelding der Ørsta-bedrifta stadfestar at 20 til 25 stillingar må vekk. Det kan råke tilsette i dei fleste avdelingar, heiter det.

Mista store russeroppdrag
I meldinga forklarar bedrifta også bakgrunnen for oppseiingane. Bortfall av kring 30 prosent av den venta omsetninga då Russland-markanden fall bort, har vore avgjerande.

NETT NO fortalde allereie i april at PE Bjørdal sette fleire oppdrag i den russiske marknaden på vent.

No opplyser selskapet at dei mellom anna hadde ei stor kontrakt på levering av fem prosessanlegg til fem nye fiskebåtar under bygging. Etter invasjonen endra alt seg – og leveransar og prosjekt stoppa opp.

Vanskeleg å kapre nye ordrar
– Samstundes har selskapet opplevd at nye ordrar for 2023 og 2024 tek tid å få signerte, heiter det i meldinga.

Auka konkurranse og prispress er mellom årsakene, og i tillegg kjem generell kostnadsauke og usikkerheit nasjonalt kring rammevilkåra framover, skriv selskapet.

– Samla gir dette seg utslag i at prosjekt og kontraktar både innan fiskeri og akvakultur dreg ut i tid eller i verste fall blir kansellert.

Reduserer vekstplanar
Utfordringane kjem uventa på bedrifta som i fjor hadde eit kjempeår med rekordomsetning og god auke i talet på tilsette.

No har dei bestemt seg for å konsolidere og restrukturere selskapet, for å møte utfordringane.

– Dette betyr at PE Bjørdal AS må redusere vekstplanar i det vi meiner er ei noko meir usikker periode for vår marknad.

Publisert: 12.12.2022 17:17

Sist oppdatert: 12.12.2022 22:13

Mer om