Oddbjørn følsvik montasje pe bjørdal foto marius pe bjørdal 11
DIREKTE RÅKA: PE Bjørdal-direktør Oddbjørn Følsvik fortel at bedrifta som mellom anna levere utstyr til den russiske fiskeflåten, vurdere kva dei skal gjere med fleire oppdrag. Foto: Marius Rosbach/PE Bjørdal
Nytt

Set fleire russeroppdrag på vent

PE Bjørdal står i ei vanskeleg avveging, samtidig som tilgangen på stål og delar blir strupt.

Marius Rosbach
02.04.2022

PE Bjørdal er mellom bedriftene på Nordvestlandet som har betydeleg del av verksemda mot Russland med levering av fabrikkar til fiskeflåten.

Ørsta-bedrifta fortalde fredag om utfordringane dei møter som følgje av Ukraina-krigen, under eit treff på Skaparhuset i Ulsteinvik. Då kom det mellom anna fram at dei vil avvente fleire oppdrag i nabolandet i aust, til situasjonen ein gong i framtida tillet det igjen.

– Vi søkjer no eksterne råd for å gjere dette rett, og kjem vel mest truleg til å suspendere kontraktar vi har gåande. Verken reiarlaget, eller utstyret er sanksjonert, og rådgjevarane våre seier at det vil vere innanfor lovverket å gjennomføre. Noko anna er kva som er lurt å gjere, seier Oddbjørn Følsvik og let spørsmålet henge i lufta.

Mange omsyn å ta
På den eine sida skal bedrifta ha eit proffesjonelt forhold til kundane.
På den andre sida må dei ta omsyn til det etiske spørsmålet i å gjere forretningar med «landsmenn til den angripande parten».

NHO-direktør Espen Remme i Møre og Romsdal fortalde at dei får mange tilbakemeldingar frå bedrifter som kjenner på stor usikkerheit. Samtidig er det mange som kvir seg for å snakke høgt om det.

(saka held fram under)
Espen remme ukraina foto marius 11
STOR USIKKERHEIT: NHO-direktør Espen Remme i Møre og Romsdal fortel at nokre bedrifter er direkte råka, medan dei fleste blir indirekte råka av auka prisar, lengre leveringstider og generell stor usikkerheit om framtida.

Elektronikk, stål og transport er utfordringar
PE Bjørdal har samtidig lagt bak seg eit kjempeår med rekordomsetning og god auke i talet på tilsette. Ei langt større utfordring på sikt, blir å halde koken oppe, samtidig som utfordringane i leverandørkjeden aukar og prisane stig.

– For oss er det spesielt elektronikk som er utfordrande. Stål er også eit problem å få tak i, samtidig som transport til eksempel til Tyrkia - nestan er umogleg, fortel Følsvik.

Bedriftene på Skaparhuset blei råda frå NHO om å vere budd på ekstreme forsyningssituasjonar. Tendensar til hamstring av varelager og utstyr i bedriftene, er allereie tydelege.

– Ein voldsom prisgallopp
Hareid Group-sjef Olav Haug Vikebakk deltok på møtet, men kunne oppsummere situasjonen som «so far, so good» for konsernet sin del.

Likevel tok han langt frå lett på utfordringane, og hadde til eksempel same utfordringar som PE Bjørdal med å skaffe elektroniske komponentar.

– Eg trur det meste framleis er Covid-relatert, men vi opplever ein voldsom prisgallopp, som går på alt frå energi til delar.

Vi får også høyre at prisane på en del verft har gått i taket, truleg på grunn av stålmarknaden og generell usikkerhet, legg han til.

Vikebakk trur likevel prisane vil normalisere seg over tid.

Olav haug vikebakk hareid group foto marius 11
«SO FAR, SO GOOD»: Olav Haug Vikebakk i Hareid Group deltok på MAFOSS-møtet på Skaparhuset fredag. Han kunne fortelje at Hareid Group var lite direkte råka, men at dei mellom anna merkar prisgaloppen. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 02.04.2022 05:01

Sist oppdatert: 02.04.2022 05:59

Mer om