Profilbilde Busengdal AS
USIKKERT: Rolf-Anders Håberg i Busengdal AS er uroa for året som kjem. Høge drivstoffprisar og materialkostnader gjer situasjonen uoversikteleg.
Nytt

Mange utfordringar forut for entreprenøren

Nye ekstrakostnader trugar marginane etter tre gode år for Busengdal AS.

Kjell Arne Steinsvik
08.08.2022

Den Stordal-baserte entreprenøren Busengdal AS kan sjå tilbake på eit 2021 som enda med eit resultat før skatt på respektable 20,6 millionar kroner.

Dette var ein marginal differanse frå året før, då resultatet før skatt vart 20,8 millionar kroner. Også 2019 vart positivt, då resultatet vart 14,3 millionar.

Dagleg leiar i Busengdal AS, Rolf-Anders Håberg, seier fjoråret starta bra, med mange ordrar og gode prosjekt. Dette sikra eit totalt sett solid resultat for bedrifta.

På slutten av året byrja derimot vinden å snu, og på nyåret vart situasjonen ikkje betre.

Busengdal AS
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 247,8 208,4
Driftsresultat 22,4 22,2
Resultat før skatt 20,6 20,8

Dieselen et marginane

Då Russland invaderte Ukraina i februar, skaut oljeprisane i vêret. Dette førte til at auka drivstoffkostnadar vart det som gjorde størst innhogg i økonomien i første kvartal av 2022.

– I år er marginane under press. Med dei drivstoffprisane vi har, og eit år tilsvarande fjoråret i omsetnad, fører det til kring fem millionar i ekstra kostnader berre knytt til diesel, seier Håberg.

Sidan kontraktane allereie er teikna, er det samstundes vanskeleg å fakturere ekstrakostnadane vidare.

– Eg trur vi skal klare å drive i pluss i år, men vi forventar ikkje samme marginar i 2022, konkluderer Håberg.

Bilde av Sylvi listahug
DIESEL: Drivstoffkostnadane skyt i vêret for Busengdal AS. Her forklarar dageleg leiar Rolf-Anders Håberg stoda for Frp-partileiar Sylvi Listhaug. Foto: Busengdal AS.

Gode prosjekt og tilsette

Uansett; dei siste tre åra har vore gode for bedrifta med 125 tilsette. Håberg seier dette kan takkast ein samansetnad av prosjekt som har vorte godt utført, dyktige tilsette, og at dei har vunne kontrakter med arbeid dei kan best.

– Det har vore ei god spreiing i prosjekta. Nordøyvegen har vore stort, vi har vore med på Ørskogfjellet og spolebasen på Vigra, i tillegg til små og mellomstore prosjekt, som vass- og avløpsprosjekt for kommunar og offentlege instansar.

Uvisst 2023

Sjølv om arbeidsoppdraga er sikra ut året, er Håberg spent på korleis marknadsutsiktene vert for 2023.

Han har ikkje tru på at prisane kjem til å gå ned eller stabilisere seg med det første. Samstundes er han uroa for signal frå regjeringa om kutt i bevillingar.

– Det er ikkje eit sunt teikn. Og så ser vi at kommunane i fylket slit med økonomien. Alt påverkar kvarandre, påpeikar Håberg.

– Vi er spent på det offentlege si satsing på samferdsel og infrastruktur. For vår bransje generelt, held det ikkje med private bygg. Vi er avhengige av at det offentlege heng med og held jamt trøkk på å få nye anbod ut i marknaden. Så vi håper og trur det vert ei monaleg mengd offentlege prosjekt også neste år.

«Vi står han av!»

– Merkar de at uroa i Europa skaper uvisse?

– Ja, det er mange faktorar. Alt av røyr, plastdelar og anna som er oljebasert, har store prissvingingar. Det gjeld også asfalt, diesel, betong og andre byggvarer. Når det kjem til innkjøp av maskiner og utstyr vi brukar, er det både vanskeleg å få tak i, lang leveringstid og mykje dyrare, seier Håberg.

– Det som går på kostnadssida no, er for vår del mykje verre å handtere enn ein pandemi. Det vert spanande. Det er ikkje anna å gjere enn å brette opp ermane, vere flinke og ha kontroll på kostnadssida. Så må vi vel greie å stå av dette også.

Publisert: 08.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 08.08.2022 01:35

Mer om