Gagn Andreas Lied og Eirik Nilssen Harald Lamborg foto Marius JPG
RASK VEKST: Rådgivarane i Gagn har tredobla omsetninga på få år. Her representert ved seniorrådgivarane Andreas Lied (f.v.) og Eirik Nilssen saman med Gagn-sjef Harald Lamborg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Mange veks på gode råd

Bedriftseigarar som stiller større krav, er éin av drivarane for veksten i den tenesteytande næringa.

Marius Rosbach
30.12.2024

Kring 2005 etablerte Harald Lamborg og svogeren, Håvard Fanum, selskapet Gagn Consulting. Den gong var det få bedrifter som levde av å gi råd til bedrifter på Nordvestlandet.  

Sidan har dei bygd stein på stein, og bedrifta er ein del av næringslivet på Nordvestlandet som har vakse kraftig dei siste tiåra. 

– Vi er både generalistar og ekspertar, og vi leverer til heile landet, sjølv om vi likar best å levere til bedrifter på Nordvestlandet. Det er denne regionen vi heiar på og brenn for, seier han. 

– Visjonen vår er enkel: Vi skal vere til gagn for selskapa som kjem til oss, legg Lamborg til. 

  • Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. 
  • Les heile magasinet her

Gagn Consulting er hovudverksemda og går enkelt sagt ut på å gi råd, i hovudsak til bedrifter. Dei leverer i første rekke rådgivarar og prosjektleiarar i digitalisering og forretningsutvikling. 

På kundelista står ei rekke store bedrifter, som Vard, Wonderland, MMC First Process og Kongsberg Maritime. Sistnemnde selskap har dei hatt eit samarbeid med sidan Rolls Royce-perioden. 

Utviklinga for rådgivingsverksemda til Gagn er illustrerande for korleis denne delen av tenesteytande sektor har skote fart i regionen. 

I åra fram til pandemien svinga omsetninga kring ti millionar. Sidan 2020 er inntektene tredobla, og i 2024 reknar dei med at omsetninga kjem godt over 30 millionar. 

– Tendensen er god og viser at det er behov for rådgiving og det vi held på med. Så har vi også jamnt og trutt utvida fagfeltet vårt, i tillegg til at vi har skapt nye forretningsmodellar som etter kvart har stått på eigne bein, seier Lamborg. 

Meir om det seinare. 

Talet på tilsette i det som er omtala som forretningsmessig tenesteyting i Møre og Romsdal, har skote i vêret dei siste 15 åra. 

I 2008 jobba 3600 årsverk i denne næringa, medan det halvvegs i 2024 var knappe 5300 som jobba i same sektor. Det utgjer ein auke på nær 50 prosent. 

Til samanlikning har talet på tilsette i same bransje i Oslo halde seg på same nivå i perioden, kring 36 000 årsverk. 

Kategorien inkluderer vel å merke eit mangfald av bedrifter innanfor rekneskap, eigedom, advokatbransjen og bankar. 

Pa tvers gruppefoto Gagn
KURS: Ulike kurstilbod er også ein del av forretningsverksemda til Gagn. Her er deltakarane i første kullet som deltok på «På Tvers», eit tilbod til mellomleiarar. Foto: Gagn

Har sett ei profesjonalisering  
Samtidig som aktiviteten til Gagn har skote i vêret, har konkurransen auka. Først skal vi spole litt tilbake. 

For 20 år sidan var det MBR – tidlegare Møre og Romsdal Bedriftsutvikling – som var det leiande selskapet på rådgiving til bedrifter i regionen. 

MBR blei i 2013 «restarta» av Bjørn Gjerde etter å ha vore i Sintef-eige nokre år. Målet var å hjelpe små og mellomstore bedrifter, spesielt dei med potensial for stor vekst. 

I 2020 gjekk MBR inn i Converto, der dei framleis hjelper vekstbedrifter til å skalere opp, samtidig som dei både er forvaltarar og investorar. 

Converto har også hatt stor auke i aktiviteten og har fleirdobla inntektene på få år. I 2023 omsette dei for 45 millionar og hadde 17 årsverk i arbeid. 

Lamborg trur lokalkunnskap og lokal identitet er eit konkurransefortrinn for Gagn. 

– Det er iallfall ikkje vits i å kle på ein 23-åring dress og be han reise ut på søre Sunnmøre og fortelje korleis dei skal bygge båtar, seier han med glimt i auget.

Fleire er kjøpte opp og har fått eit eigarskap som stiller mykje høgare krav
Harald Lamborg

Lamborg har sett ei profesjonalisering av næringslivet i regionen i løpet av desse åra. 

– Vi har gått frå mange familiebedrifter som var lokalt eigde, til at fleire er kjøpte opp og har fått eit eigarskap som stiller mykje høgare krav. 

Samtidig har regionen vore gjennom ei offshorekrise der mange har tapt store pengar. 

– Fleire stilte spørsmål ved om bedriftene ville forsvinne frå regionen med utanlandsk eigarskap. Det har ikkje skjedd, men dei har blitt meir profesjonelle og vil ha meir kontroll, seier Lamborg. 

Ein konsekvens er meir systemkontroll – ei teneste Gagn gjerne hjelper til med. 

Invig drone foto Marius jpg
UTFORSKAR NYE OMRÅDE: Bruken av dronar for å hente vassprøver luftvegen er mellom dei nye forretningsområda Gagn har utforska. Her blir det henta prøver frå eit anlegg for taredyrking ved Valderøya.

Fleire landsdekkande aktørar  
Ein betydeleg del av veksten i tenesteytande næringar på Nordvestlandet har skjedd via landsdekkande aktørar som har etablert seg i regionen. 

Rådgivings- og revisjonsselskapet BDO har no 125 tilsette i arbeid i Møre og Romsdal og Nordfjord. 

PwC som også leverer slike tenester, har kome opp i nesten storleik på Nordvestlandet, fortel Terje Honningsvåg som leiar avdelingane i Ålesund, Ulstein og Molde.  

Han meiner nye krav til rapportering på berekraft og openheit, er mellom endringane som aukar behovet for deira tenester.  

– Vi har ein del fleire førespurnader frå bedrifter i vår region som treng hjelp med å sikre at dei gjer ting i samsvar med regulatoriske krav. Det er ganske gjennomgripande for ein del selskap, legg han til. 

At regionen har eit internasjonalt retta næringsliv og at fleire bedrifter har vore gjennom omstillingar, er andre årsaker til at fleire i dag treng hjelp på ulike område, meiner han.  

Landsdekkande konsulentar som Miles og Xlent er andre aktørar som har etablert seg i Ålesund dei siste åra.  

– Desse selskapa kjem hit fordi dei ser at dette er ein interessant region. Mange har for eksempel vore flinke til å få folk til flytte heim frå Austlandet – og ære vere dei for det, seier Lamborg. 

Nytilsett heimflyttartrio
EY er mellom dei som har tilsett mange nye etter rakettvekst siste åra. Sidan Ivar-André Norvik tok over leiinga av kontora i Ålesund og Ulsteinvik i 2021, har talet på tilsette gått frå 23 til 41. 

Meir etterspurnad etter rådgiving kring revisortenestene, er mellom årsakene til auken, fortel han då NETT NO besøker bedrifta i oktober 2024. 

EY Thea Overvag Tafjord Sander Aaroe Havard indregard Petersen Foto Marius 1
NYTILSETTE: EY-trioen Håvard Indregård Petersen (f.h.), Sander Aarøe og Thea Overvåg Tafjord var aldri i tvil om at dei ville til heimtraktene etter nokre år med studier på andre kantar av landet. Foto: Marius Rosbach

Den nytilsette trioen Håvard Indregård Petersen frå Larsnes, Sander Aarøe frå Ålesund og Thea Overvåg Tafjord frå Ulsteinvik, fortel at dei aldri var i tvil om at dei ville til heimtraktene etter nokre år med utdanning i Ålesund, Oslo og Bergen. 

– Her har vi gode moglegheiter til karriere, får mykje tillit raskt, og får jobbe med spennande kundar både lokalt og nasjonalt. EY er også kjent for å ha ein god «on boarding»-prosess, som opplevast trygt, seier Håvard om oppstarten hos sin nye arbeidsgivar. 

Trioen ser ikkje vekk frå at dei vil studere vidare og ta master i revisjon. Det kan dei då gjere i kombinasjon med jobb - men for augneblinken passa det godt å få arbeidserfaring.

Når vi ser at det vi jobbar med, kan bli noko meir, så skil vi det ut.
Harald Lamborg

Fleire spin-off-selskap 
Gagn har knytta til seg kring 20 rådgivarar i dag. Då Nett No besøker hovudkontoret på Moa, er dei seks personar til stades. Det er ein «god dag», seier Lamborg og siktar til at dei tilsette gjerne er spreidde rundt i regionen ein typisk arbeidskvardag. 

– Typiske leveransar er at vi har folk som jobbar rundt i bedrifter med produksjon og logistikk, HR-arbeid, organisasjonsutvikling, strategiutvikling eller digitalisering. 

Gagn har vore i konstant utvikling når det gjeld sjølve organisasjonen. Rekneskapsbyrået Gagn Accounting var det første selskapet som blei skilt ut frå Gagn og etablerte seg på eigne bein. 

Selskapet blei seinare til Rekna og gjekk deretter inn i Aider. 

– Når vi ser at det vi jobbar med, kan bli noko meir, så skil vi det ut, slik at dei er fristilte – og kan forme den nye merkevara i eit nytt selskap, fortel Lamborg. 

Daniel Westervik foto Marius
DIGITAL SPORING: Daniel Westervik kom inn i Gagn med kunnskap om digital sporing. No har han gått vidare til spin-off-selskapet Invig, som har som mål å bli leiande på sitt felt i Noreg.

Daniel Westervik kom inn i selskapet med ekspertise på digitalisering og sensorar. Han likar å jobbe med oppdrag der dei får kome på innsida hos bedrifter som står overfor vanskelege val. 

– Då kan vi hjelpe dei i den jungelen som finst, ikkje minst når gjeld ulike digitale løysingar, seier han. 

No har Westervik gått over i ei ny rolle som sals- og marknadssjef i spin-off-selskapet Invig. Allereie for fleire år sidan skilde Gagn ut verksemda Gagn Iot. Namnet står for «internet of things» – og dreiar seg om digitalisering av ting vi omgir oss med i kvardagen. 

No går Invig vidare på eiga hand etter å ha fusjonert med RFID Solution i Stavanger. Målet er at selskapet skal bli leiande på feltet digital sporing i Noreg. 

  • Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. 
  • Les heile magasinet her

Publisert: 30.12.2024 05:00

Sist oppdatert: 30.12.2024 10:54

Mer om