Pw C Elias Blindheim Krøvel Kristoffer Valderhaug Sundet Vegard Slettedal Foto Karoline Thu Haram 11
NYTILSETTE I PWC: Elias Blindheim Krøvel (f.v.) Kristoffer Valderhaug Sundet og Vegard Slettedal er alle nytilsette i PwC Ålesund. To av dei - Krøvel og Slettedal - har flytta til heimtraktene etter nokre år andre plassar. Fotokreditering: Karoline Thu Haram
Nytt

Konsulentar med vekst i nordvest

PwC med betydeleg auke i regionen. Pandemien har gjort det meir aktuelt for fleire å flytte heim.

Marius Rosbach
05.01.2023

Revisjon- og rådgjevingsselskapet PWC sine avdelingar på Nordvestlandet er i vekst. I løpet av tre år har dei vekse frå i underkant av 40 til i overkant av 50 medarbeidarar berre i Møre og Romsdal, fortel Terje Honningsvåg til NETT NO.

Han leiar avdelingane i Ålesund, Ulstein og Molde. I tillegg har PwC kontor i Stryn, Måløy og Sandane som handterer tidlegare Sogn og Fjordane fylke, saman med kontora i Førde, Florø og Sogndal.

Til saman er PWC no kring 100 tilsette på Nordvestlandet.

– Vi har jobba målretta i fleire år med å synleggjere Møre og Romsdal som en attraktiv plass å jobbe, seier Honningsvåg om bakgrunnen for veksten.

Deltaking på arrangement i regi næringsforeiningane, samarbeid med NTNU og eigne arrangement er berre nokre av metodane dei har nytta seg av.

Pw C Ålesund Terje Honningsvåg foto pwc
LEIAR I MØRE OG ROMSDAL: Terje Honningsvåg leiar no fleire enn 50 PwC-tilsette i Møre og Romsdal og opplever vekst i regionen. Foto: PwC

Har opplevd pandemieffekt
Som mange andre bedrifter, har PWC opplevd at det har vore tøff kamp om dei beste jobbsøkarane dei siste åra. Men under pandemien har det vore ei utvikling der det har blitt aktuelt for fleire å flytte heim.

– Berre det siste halvanna året har vi tilsett sju-åtte personar som truleg har søkt seg heimover tidlegare enn dei hadde tenkt, seier Honningsvåg.

Det er gjerne «klassiske» argument som går igjen med tilgang på natur og betre nettverk når folk kjem i småbarnsfasen. Men Honningsvåg meiner det óg har vore ei oppvakning kring at regionen har utvikla seg.

– Kultur og restauranttilbodet er blitt betre, og kombinert med spennande jobbmulegheiter, gjer det meir aktuelt, seier han.

To av tre nytilsette er «heimflyttarar»
PwC i Ålesund har nyleg tilsett tre nye medarbeidarar. To av dei, Vegard Slettedal og Elias Blindheim Krøvel, har begge valt å flytte til heimtraktene etter å ha teke utdanning og jobba andre plassar i landet.

Slettedal er tilsett i CFO Solutions-området og har bakgrunn mellom anna som konsernrekneskapssjef i Felleskjøpet Agri. Han er busett i Volda og vil også handtere kundar i Nordfjord og søre Sunnmøre.

Krøvel er tilsett i revisjonsavdelinga til PwC, og kjem frå Deloitte sitt kontor i Oslo. Siviløkonomen er statsautorisert revisor, og har mellom anna erfaring frå revisjon av børsnoterte konsern.

Tredjemann som er tilsett, Kristoffer Valderhaug Sundet, kjem frå Handelsbanken sin avdeling i Ålesund. Han er tilsett i konsulentavdeling til PcW, og har erfaring frå både finansiell sektor og industrien.

– Eit udekka behov
Terje Honningsvåg fortel at dei opplever vekst på alle forretningsområde om dagen. CFO Solutions – er eit nytt tenesteområde i regionen – der PwC tilbyr bistand på ulike område med økonomifunksjonar.

– Det har vore eit udekka behov, og vi får tilbakemeldingar om at det er treffenda, seier han.

– Nokre har midlertidige behov som følgje av omstilling, eller andre ting. Medan i andre tilfelle, så hjelper vi bedriftene over lengre periode med å utvikle og drifte økonomifunksjonar, legg han til.

Publisert: 05.01.2023 15:04

Sist oppdatert: 07.02.2024 10:03

Mer om