Ivar orten normark arbeidsplass foto vidar ruud npk marius 11
FINN SÆRPREGET: Fleire arbeidsplassar ser etter svoltne og framoverlente medarbeidarar. Ivar Morten Normark ved Personalhuset i Ålesund rår arbeidsgivarar til å vise fram særpreget ved bedrifta. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Nytt

Mange vil ha «framoverlente» og «svoltne» tilsette

Ivar Morten Normark meiner bedrifter ofte endar i upersonlege fraser når dei skal rekruttere.

04.02.2023

Sjargongen i stillingsannonsar kan vere noko for seg sjølv. Den 5. januar var det 561 stillingsannonsar på Finn.no kor ein såg etter ein «framoverlent» medarbeidar.

230 arbeidsplassar er svoltne på ein «sulten» medarbeidar, medan 197 arbeidsplassar ser etter deg som er «hands on».

– Mi erfaring er at oppdragsgivarane ofte er for konservative og reservert i utlysningstekstane. Mange landar eit generisk og upersonleg språk som skil seg lite ut, seier Ivar Morten Normark i Personhuset Ålesund til NETT NO.

Normark sitt råd er å rette merksemda mot kva særpreg arbeidsplassen eller kollegiet har.

– Ein klar trend om kva som er viktig for dei som søker jobb, er arbeidsmiljø og kollegaer. Korleis ser gruppa ut og kva er det som gjer at folk trivast.

– Bruk gjerne detaljar som trening i arbeidstida, pizzaomn eller individuelle forhandlingar, legg Normark til.

Må ha ein funksjon utover lønnsemd
At bedrifta er klimabevisst, og at lønna er bra og jobben er trygg, er framleis viktige punkt på «sjekklista» til arbeidssøkarane.

– Mangfald og samfunnsnytte er viktig. Dei som skal jobbe der må oppleve at selskapet har ein funksjon utover det å skape lønnsemd for eigarane, seier Normark.

Han meiner dette gjeld like mykje store som små selskap: – Store konsern, er ofte berre små bedrifter sett i ein samanheng med fleire.

Viktig at orda blir forstått
Spørsmålet er om bedriftene eigentleg veit kva mange av orda betyr og kva type arbeidstakar dei eigentleg ser etter?

– Poenget med ein stillingsannonse er at den skal tiltrekke seg dei rette søkjarane. Etterpå skal ein bruke kriteria i annonsen til å vurdere kandidatane. Då er det viktig at både dei som søkjer jobben og dei som lyser ut stillinga forstår det som står der, seier seksjonssjef Daniel Ims i Språkrådet til Nynorsk pressekontor.

Han mistenker at mange av orda er kopiert av andre utan å tenkje på kva ein eigentleg treng i bedrifta si og korleis ein kan vise fram bedrifta på best mogleg måte i annonsen.

Ims karakteriserer fleire ord som såkalla moteord.

– Nokre veit kva moteorda betyr, medan mange andre brukar orda utan å forstå meninga i dei. Med slike ord som eigentleg ikkje har ei bestemt tyding kan dette forkludre tilsettingsprosessen og gjere at arbeidsgivaren ikkje får inn så mange relevante søknader som dei kunne fått med tydelegare språk.

Nokre veit kva moteorda betyr, medan mange andre brukar orda utan å forstå meninga
Daniel Ims

Språket formar søkjarane
Professor i sakprosa og ansvarleg for studieprogrammet Klart språk, Johan Tønnesson, ved Universitet i Oslo peikar på at stillingsannonsar formar søkjarane som les dei.

– Språket i annonsen listar opp ei rekke krav og kvalifikasjonar som arbeidsgivaren ser etter. Språkbruken i annonsen er veldig viktig på fleire måtar. Mellom anna vil dei som les teksten danne seg eit bilete av kva arbeidsgivaren ser etter – om dei søkjer og får stillinga vil dette biletet henge ved. Er det ein «sulten og framoverlent» medarbeidar det blir søkt etter vil truleg jobbsøkjaren streve etter å vere nettopp det, seier han til Nynorsk pressekontor.

Han stiller likevel spørsmål ved om dette er noko arbeidsgivarar eigentleg ønskjer seg i det lange løp.

– Eg meiner at det er ein fordel for ein arbeidsplass å kunne halde lenge på ein medarbeidar. Slik fleire annonsar er forma verkar det som at dei berre vil ha arbeidstakarane hos seg ein kort periode. Ser dei kanskje føre seg at medarbeidaren skal bli «sulten» på noko nytt etter kvart, spør han retorisk.

Bør streve etter mangfald
Tønnesson trekkjer òg fram eit anna poeng, som fleire kanskje gløymer når dei lagar stillingsannonsar.

– Mangfald burde vere noko å streve etter. På ein arbeidsplass treng ein ikkje berre einsretta folk som skal vere ekstremt på heile tida. I mange yrke kan det vere ein fordel med ein arbeidstakar som ikkje alltid er på, men som evnar å fordjupe seg i arbeidsoppgåvene, seier språkprofessoren.

Han peikar òg på at fleire annonsar heller ikkje speglar korleis det verkelege livet er for mange yrkesaktive.

– I eit moderne familieliv er det òg venta at mannen brukar mykje tid på familien sin. Mange annonsar har ikkje tekstar som gir inntrykk av at arbeidsplassen er tilpassa dette livet. Ein kan ikkje direkte skrive at vi tilpassar oss henting av sjuke barn i barnehagen, men det er realiteten for mange no. Mange må sjonglere arbeidsliv og familie i større grad enn før.

Publisert: 04.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 03.02.2023 19:36

Mer om