Ervik Frøyanes Foto Håvard Otneim
TIL NORGE: Nye Frøyanes er bygd ved Tersan-verftet i Tyrkia. Måndag kom fiskefartøyet til Måløy. Foto: Håvard Otneim
Nytt

Mange ville mønstre på nye «flaggskipet» til Ervik

Ventar stor auke på snøkrabbe i 2024. God respons på rekrutteringa til det nye fiske.

Marius Rosbach
01.01.2024

Det nye flaggskipet til Ervik Havfiske på Stadlandet, kom måndag «heim» til Måløy, etter å ha segla frå byggeverftet Tersan i Tyrkia.

– Båten er levert så og seie på tid – det er snakk om nokre dagar over. Og på budsjett, legg Robert Ervik til.

Han er dagleg leiar i Ervik Havfiske As, som no inkluderer ni båtar – der sju driv linefiske og to fiskar etter krabbe. Ervik summerer opp at 2023 var eit krevjande år, med dårlegare fiske enn venta i nokre område.

– Hyseprisene hadde også eit lite fall. På den positive sida, ser vi at det er meir hyse tilgjengeleg i Barentshavet, legg han til.

– Mange som vil være med
Etter nokre få dagar i heimehamn skal nye Frøyanes ut på fiske etter snøkrabbe i Barentshavet. Ervik var spent på korleis det ville bli å rekruttere folk til dette fiske.

– Responsen har vore over all forventing. Vi trudde at det kunne bli utfordringar, sidan snøkrabbe er eit nytt fiske i Norge - men det er mange som vil være med, seier Robert Ervik.

Den nye båten vil ha behov for to skift med sjøfolk – til saman kring 50 nye arbeidsplassar. Ervik fortel at dei fordelar seg med 28 personar på snøkrabbe og 16 til 18 personar på reker.

Det nye fartøyet får ein moonpool - ein brønn under båten der krabbeteinene skal trekkast inn. Det skal både gir et meir behageleg arbeidsmiljø for mannskapet og gi meir skånsam behandling av fangsten.

Trur på fangstauke
Reiarlaget har prøva og feila med snøkrabbefiske, men no har dei lært meiner Ervik. Kvotene for snøkrabbefiske på norsk sokkel, har auka dei siste åra. I 2024 var i utgangspunktet sett til 10.300 tonn.

– Vi har vore gjennom eit prøveår, og eg er rimeleg sikker på at vi vil sjå stor auke i kvantumet i år, seier han om utsiktene til krabbefiske med den nye båten.

Det er tidlegare anslått at den kombinerte krabbe- og rekebåten kostar ein halv milliard kroner, og den dyraste investeringa til reiarlaget nokon gang.

Med ei lengde på drygt 70 meter er nye Frøyanes også det største fartøyet i Ervik-flåten.

Har utvida verksemda
Ervik-konsernet har også starta eige sjømatdivisjon dei siste åra. Den omfattar Ervik Seafodd som innkluderer fryseterminalen Måløyterminalen. Dei driv også daglegvare-og skipsproviantselskapet Vestkapp Handel ikkje langt frå Ervik - og industriselskapet Westmek.

Til saman er konsernet involvert i underkant av 20 selskap. Hovud-konsernet Ervik Havfiske Holding omfattar også fiskeriverksemda i Antarktis - og hotellet i Leikanger på Stadlandet. Hovudkontoret ligg på Otneimneset.

Publisert: 01.01.2024 20:28

Sist oppdatert: 01.01.2024 20:28

Mer om