Mangel på arbeidskraft kan dempe oppsvinget
Sjeføkonom i NHO trur arbeidsløysa vil halde fram å falle, men ser utfordringar.
(NPK-NTB): Arbeidsmarknaden har vore i meir eller mindre kontinuerleg betring sidan arbeidsløysetoppen i april i fjor, slår NHO fast i rapporten Økonomisk overblikk for tredje kvartal.
Ved utgangen av september i år var det registrert snautt 68.000 heilt ledige arbeidssøkjarar, tilsvarande 2,4 prosent av arbeidsstyrken. Det er berre 0,2 prosenteiningar over nivået i september 2019, før koronapandemien, skriv NHO i rapporten.
– Vi er nesten der vi skal vere, seier sjeføkonom Øystein Dørum i NHO til NTB.
– Gått raskare enn vi såg for oss
Dørum trur vil arbeidsløysa vil gå vidare ned. Talet registrerte ledige og på ordinære arbeidsmarknadstiltak låg i snitt på 5,4 prosent av arbeidsstyrken i 2020.
I år vil arbeidsløysa i gjennomsnitt hamne på 3,7 prosent, anslår NHO. I 2022 vil ho falle til 2,6 prosent, medan ho i 2023 vil vere nede på 2,4 prosent.
– Vi har gjort unna brorparten av nedgangen i arbeidsløysa, og det har gått raskare enn vi såg for oss, seier.
Mange langtidsledige
Dørum ser likevel nokre mørke skyer i horisonten. Av dei heilt arbeidsledige, hadde nesten to av tre gått ledige i meir enn eit halvt år, skriv NHO i rapporten.
– Det er illustrerande at nivået på korttidsledige er lågare enn før krisa, medan nivået på langtidsledige er høgare. Det kan reflektere ein mismatch i arbeidsmarknaden, seier Dørum.
«Ketsjupeffekt»
Samtidig som arbeidsløysa framleis er høgare enn eit anteke normalnivå, er òg mangelen på arbeidskraft aukande.
Talet på ledige stillingar er rekordhøgt, og delen bedrifter som manglar kvalifisert arbeidskraft, er den høgaste på 13 år, skriv NHO i rapporten.
Dørum kallar det ein «ketsjupeffekt».
– I Noreg og i verda rundt oss har økonomien ramla djupt, før han ganske raskt kom tilbake igjen. Det har gitt pressproblem fleire stader, seier Dørum.
Kan dempe oppsvinget
I tillegg har mange av dei som mista jobben under pandemien, anten forsvunne heilt ut av arbeidsmarknaden, gått tilbake til skulebenken eller fått seg jobb ein annan stad, forklarer Dørum.
Ikkje minst har innreiserestriksjonane gjort det vanskeleg å få tak i utanlandsk arbeidskraft.
– Knappleik på arbeidskraft kan dempe krafta i oppsvinget vi ser i økonomien, men hovudsynet vårt er likevel at tida vil komme oss til hjelp, og at pressproblema vil minke etter kvart, seier Dørum.
Publisert: 06.10.2021 11:49
Sist oppdatert: 06.10.2021 12:06