Hofseth Vanylven montasje Marko Mazghal foto hofseth
FEKK JOBB: Marko Mazghal er ein av tre ukrainske flyktningar som har fått fast jobb hos Hofseth etter praksisplass. Foto: Hofseth International
Nytt

Marko frå Ukraina fekk fast jobb etter praksis

Folk frå det krigsherja landet er no den største innvandrargruppa utan jobb. Hofseth-samarbeid gir resultat i Vanylven.

Marius Rosbach
03.06.2024

Nav opplever at stadig fleire ukrainarar i Norge står utan arbeid.

Både i Vestland fylke og Møre og Romsdal er personar frå det krigsherja landet den største innvandrargruppa utan jobb, ifølje den siste oppdateringa før helga.

Eit grep for å få fleire i arbeid, kan vere å gjere som i Vanylven. Her samarbeider kommunen og Hofseth International-konsernet om praksisplassar for ukrainske flyktningar.

Tilbyr praksisplassar på foredlingsfabrikk
Sjømatselskapet er mellom dei største arbeidsgivarane i kommunen med foredlingsfabrikk på Syvde. Her har dei sidan starten av 2024 hatt tre praksisplassar for ukrainske flyktningar.

– Vi synest det er viktig å bidra og ta vårt ansvar. På fabrikken i Syvde tilbyr vi ein fin og sosial arbeidsplass, der folk får ein sjanse, uttaler Robert de Boer i ei pressemelding om samarbeidet.

Han er sjef på fabrikken og fortel at dei vil bidra til integrering og inkludering av flyktningar. Samtidig har dei eit mål om å få fleire faste tilsette i bedrifta.

Tre av tre fekk fast jobb
Kommunen har teke i mot over 100 flyktningar frå Ukraina. No opplever dei stor interesse for å vere med på opplegget som inkluderer to dagar med arbeidspraksis, og resten av veka med norskundervisning.

Marko Mazghal er mellom dei tre som starta i januar, og som no har fått fast jobb.

– Det var gunstig å jobbe to dagar i veke for å venne seg til arbeidsprosessen på foredlingsfabrikken. Når praksisperioden var over, fekk vi tilbod om fast kontrakt, og dette takka eg ja til, uttaler han i meldinga.

Leiar for flyktningetenesta i Vanylven, Arnhild Nordaune, fortel at samarbeidet har stor betydning for arbeidet med å integrere flyktningane.

Største innvandrargruppa utan jobb
Ved utgangen av mai utgjorde personar frå Ukraina, for første gong den største innvandrargruppa utan jobb i Møre og Romsdal. Det same er situasjonen i Vestland, ifølgje Nav.

Av nær 3300 ukrainarar som har kome til Møre og Romsdal, er berre 590 i arbeid. I tillegg er drygt 1000 registrert hos Nav, og det er venta at dette talet vil auke, opplyste Nav Møre og Romsdal før helga.

Det er framleis låg arbeidsløyse og stort behov for fleire folk i ein rekke bransjar og yrker. Ei positiv utvikling den siste tida er at arbeidsløyse har auka mindre blant dei under 30 år, enn den totale auken.

Publisert: 03.06.2024 11:34

Sist oppdatert: 03.06.2024 11:34

Mer om