Hofseth om As Norge: – Har rikeleg med pengar
Opplever medvind i kampen mot formuesskatt. Vil løfte debatten om offentleg pengebruk.
Diskusjonen kring formuesskatten har knapt vore heitare enn no. Roger Hofseth opplever medvind i kampen for å redusere skatten som er blitt utskjelt i næringslivet.
– Det er ikkje noko tvil om det, seier han til Nett No på spørsmål om han no opplever større forståing for synspunkta enn tidlegare.
– Du les vel avisene? Eg ser fleire artiklar kvar dag, som fortel om dei negative konsekvensane av formuesskatten, legg han til.
Vil auke selskapsskatten i staden
Hofseth er som kjent initiativtakar til Aksjon for Norsk Eierskap, saman med Knut Flakk. Målet er å fjerne formuesskatt på sokalla arbeidande kapital.
Førre veke kunne dei notere ein ny siger, etter at landsstyret i MGD gjekk inn å redusere skatten.
Dei fleste borgarlege parti har gjort det klart at dei ønsker kutte formuesskatten, og sjølv Arbeiderpartiets næringsminister har uttalt han er villig til å vurdere endringar.
– Eg meiner alternativet til formuesskatten er å auke selskapsskatten. Vi kjem ikkje utanom det, seier Hofseth.
Å skjerpe skattlegginga av privat forbruk, som dyre hytter, hus, bilar og båtar, som eit anna alternativ som har vore lagt på bordet frå Flakk tidlegare.
– Må løfte debatten om kostnadene i landet
Toppsjefen og eigaren i Hofseth International meiner det óg er grunn til å stille spørsmål ved behovet for dei drygt 30 milliardane som staten no tek inn på formuesskatt kvart år.
– As Norge har rikeleg med pengar til å dekke alle sine behov, og meir til, seier han.
Poenget er ikkje staten difor kan «pøse ut» pengar. Han er tvert i mot kritisk til nivået på den offentlege pengebruken og meiner at det er mogleg å drive meir effektivt.
Hofseth viser til at Norge til eksempel har eit statsbudsjett som er om lag dobbelt så stort som Finland.
– Vi må løfte debatten om kostnadene i landet vårt. Eg kan ikkje drive selskapet mitt så dårleg og inneffektivt, og etterpå be dei tilsette om å ta rekninga. Bedriftene og innbyggarane er staten sine tilsette – og dei må betale for staten sine utgifter, seier han.
Klare for «årets happening»
Aksjonen som Hofseth var med å stifte på Atlanterhavsparken for eit drygt år sidan, har samla pengar frå medlemmane til å drive informasjonsarbeid. Undervegs har «aksjonistane» delteke i debattar og blitt intervjua i alt frå NRK Debatten til dei store finansavisene.
Om kort tid inviterer aksjonen til «årets happening» Eierskapsseminaret 18. april på Pir i Ålesund.
Aksjonen har også hausta kritikk frå mellom anna Raudt-politikar Sofie Marhaug, som meinte det var udemokratisk at aksjonen nytta annonsepengar til å argumentere for at formuesskatt er skadeleg for norsk næringsliv.
– Vi forsøker å opplyse befolkninga, medan vi opplever at politikarane ofte har eit fokus som ikkje bidreg til å fortelje heile sannheita, er Hofseth sin kommentar.
Avsporing om nullskatteytarar
Tilhengarane av formuesskatten peiker gjerne på at å fjerne den ville gjort titusenvis til nullskatteytarar – og det ikkje vil bli akseptert av veljarane.
Det meiner Hofseth er ei avsporing:
– Grunnen til at dei elles ville vore nulleskatteytarar, er at mange selskap tok ut store utbytter då skatt på utbytte blei innført. Dette har eigarane gradvis tappa i desse åra, men no er det tomt, seier Hofseth.
Fleire alternativ
Andre har også vore kritiske til argumentet om nullskatteytarar.
Dagleg leiar Geir Høydalsvik i Reknehuset er mellom dei som meiner finansministeren bevisst tåkela debatten ved å vise til at nær 25.000 personar ikkje betalte anna skatt, enn formuesskatt.
Rekneskapsføraren meinte det også er betre måtar å utjamne økonomiske skilnadene i samfunnet på.
– Finansministeren tek feil når han seier at det ikkje finst betre løysingar som er omfordelande. Her vil to prosentpoeng auke i selskapsskatten i kombinasjon med justering, eller ei fjerning av skjermingsfrådraget vere ei god løysing for å oppretthalde provenyet, påpeika Høydalsvik.
Publisert: 08.04.2024 05:00
Sist oppdatert: 08.04.2024 07:57