Wenche Uksnøy Blue Legasea klyngesamling 2024 foto Ogne
MISTE STØTTE: Klyngeorganisasjonen Blue Legasea og Wenche Uksnøy miste over 80 prosent av inntektene då statstøtta forsvann. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Medlemane satsa då staten stoppa støtte

Det er ikkje sjølvsagt at klyngeorganisasjonen Blue Legasea overlevde fjoråret.

Denne veka samla Blue Legasea-sjef Wenche Uksnøy fullt hus i Atlanterhavsparken i Ålesund då klyngeorganisasjonen inviterte til eigarmøte og medlemssamling.

At møtet blei noko av - og at klyngeorganisasjonen framleis eksisterer- er ikkje sjølvsagt.

Etter ti år i det statlege klyngeprogrammet hadde Blue Legasea i 2023 nådd grensa for kor lenge den kunne vere ein del av programmet. Dei siste fem åra har klyngeorganisasjonen hatt status som NCE-klynge (Norwegian Centre of Expertise, journ. anm.).

– Har jobba systematisk
Klyngeleiar Wenche Uksnøy har heile vegen hatt trua på at dei skulle makta å vidareføre klyngesamarbeidet.

– Vi har jobba systematisk med å ha ein strategi for å halde fram å ha eit klyngesamarbeid, seier ho.

Blue Legasea er ein organisasjon for bedrifter med tilknyting til marin industri, som driv med vidareforedling basert på fiskeavskjær og restråstoff frå fiskeri og oppdrett. Det er også fiskebåtreiarlag, industribedrifter, oppdrettselskap, utstyrsleverandørar, helseforetak og forskingsbedrifter og -organisasjonar blant dei 52 medlemane.

Tyngdepunktet ligg på Nordvestlandet og klyngekontoret er hos ÅKP i NMK-bygget i Ålesund.

Meir om Blue Legasea i sakene under:

Miste fem millionar
Slutten på klyngeprogrammet betydde mellom anna slutt på årleg støtte på fem millionar kroner, omlag 85 prosent av dei årlege inntektene til Blue Legasea.

Arbeidet med å planlegge for eit liv utanfor klyngeprogrammet starta i 2022. Det munna ut i fleire endringar:

  • Blue Legasea baserer seg no på å søke om finansiering av konkrete prosjekt i staden for å få ein fast pott som klyngeorganisasjonen sjølv disponerer.
  • Sparebanken Møre gir ein million kroner i støtte kvart år i tre år.
  • Medlemsavgifta er auka.
  • Det blir auka betaling for å delta på arrangement.
  • Større krav til eigeninnsats.

Omlegginga har skjedd utan at Blue Legasea har mist medlemar, ifølgje Uksnøy.

– Eg er utruleg glad for det. Det er ein tillitserklæring, seier ho.

Fire satsingsområde
Blue Legasea har også gått gjennom kva den skal satse på, etter at tida som ein del av klyngeprogrammet var over.

Her er dei fire satsingsområda:

  • Teknologi og kompetanse
  • Kommersialisering
  • Sirkulær økonomi
  • Samarbeid

Her er Blue Legasea si eiga forklaring om kva det skal satsast på (ekstern lenke)

Åkp Owe Hagesæther Jan Christian Vestre Kirsti Slotsvik Egil Aanestad blått kvantesprang foto åkp
KLYNGEINITIATIV: Det siste klyngeinitiativet frå Nordvestlandet kom denne veka. Fungerande klyngeleiar i GCE Blue Maritime, Kirsti Slotsvik lanserte Blått Kvantesprang, saman med Owe Hagesæther (t.v.) frå Ocean Technology i Bergen og Egil Aanestad (t.h.) i Stavanger-baserte klynga Energy Transition Norway. Her er trioen saman med næringsminister Jan Christian Vestre i Ålesund. Foto: ÅKP

Skal legge fram ny finansieringsordning
Satsing på næringsklynger var sentral i Solberg-regjeringa sin næringspolitikk. Ein rekke rapportar har peika på desse som gode verktøy for å utløyse nyskaping.

Då næringsminister Jan Christian Vestre nyleg var i Ålesund forsikra han at programma for næringsklyngene er like viktig for denne regjeringa, som den førre. I løpet av året skal Innovasjon Norge legge fram ei ny finansieringsordning for klyngene her til lands.

– Vi har gitt oppdraget som Innovasjon Norge, som også skal finne ut korleis vi kan bygge sterkare klynger. Vi har fått mange gode, og nokre av dei overlappar kvarandre. Eg er oppteken av korleis vi kan bygge landslag ut frå desse klyngene, sa Vestre til NETT NO.

Publisert: 10.02.2024 05:00

Sist oppdatert: 09.02.2024 21:35

Mer om