Møreaksen illustrasjon Rambøll innfelt Jon Ivar Nygård Frank Sve 11
MØREAKSEN: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (innfelt oppe) meiner Møreaksen er beste alternativ for ny E39 over Romsdalsfjorden. Frank Sve (innfelt nede) er ikkje overtydd. Illustrasjon: Rambøll
Nytt

Meiner framleis Møreaksen er best

Men Frank Sve (Frp) meiner det er brukt ulike berekningsgrunnlag for fjordkryssingane - og krev innsyn.

Marius Rosbach
31.01.2022

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) er samd med Statens vegvesen i at Møreaksen er det beste alternativet på ny E39. Det kjem fram i ei pressemelding måndag.

Strekninga mellom Ålesund og Molde ligg inne i Nasjonal Transportplan for 2022-2033, men det er framleis diskusjon om trasevalet over Romsdalsfjorden.

Difor bad tidlegare samferdselsminister Knut Arild Hareide om ei utgreiing om undersjøiske løysingar for Romsdalsaksen-alternativet, som ikkje var med i den opprinnelege utgreiinga.

Har gjennomgått rapporten
Allereie før jul blei det kjent at rapporten konkluderte med at Møreaksen framleis var best.

– No har vi fått gjennomgått og oppdatert kunnskapsgrunnlaget for alle dei ulike alternativa for kryssing av Romsdalsfjorden. Det har vore viktig. Statens vegvesen konkluderer med at den løysinga som ligg i Nasjonal transportplan, er den beste. Det er vi samd i, og dermed ligg Møreaksen fast, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i meldinga.

Nygård meiner Møreaksen har høgast trafikantnytte, kortare reisetid, og størst utviding av bu- og arbeidsmarknadsregionar. Om ein reknar med det planlagte fylkesvegprosjektet med fastlandssamband til Gossen, har Møreaksen også høgast netto nytte, ifølgje statsråden.

– Ikkje noko nytt
Stortingsrepresentant Frank Sve (Frp) er mellom dei som ikkje slår seg til ro med konklusjonen om at Møreaksen er best.

– Det er ikkje noko nytt i det statsråden seier no, og er den same haldninga Sp og Ap har hatt i denne saka, seier Sve til NETT NO etter å ha lest konklusjonen frå samferdselsministeren.

Framstegspartiet har vore klare på at dei ikkje støttar ein Nasjonal Transportplan med Møreaksen. Sve meiner Møreaksen vil ha dårlege sjansar til å få finansiering over statsbudsjetta dei neste åra, om regjeringa skal inngå budsjettavtaler med SV.

Blir nekta innsyn i meterprisen
Sve er kritisk til at verken han eller media har fått innsyn i meterprisen på E39-prosjektet.

– Såleis kan det sjå ut til at INGEN får reell muligheit til innsyn i kva Statens vegvesen egentlig driver med i saka ang Møreaksen og korleis dette faktisk er berekna reelt opp mot alternativet Romsdalsaksen, skriv Sve i eit skriftleg spørsmål i Stortinget til samferdselsministeren.

Som svar på eit tidlegare spørsmål frå Sve, har samferdselsministeren avslått innsyn med omsyn til det offentlege sin forhandlingsposisjon i fleire vegprosjekt.

Den forklaringa trur ikkje Sve på:

– Når vi blir nekta innsyn, er det uglar i mosen. Eg trur ikkje statsråden har noko god sak, så eg trur vi skal få ut tala, seier han til NETT NO.

– Erfaringstala i slike prosjekt, er kjent, og det er ikkje noko forretningshemmelegheit, legg han til.

Vil ha svar om berekningsgrunnlag
No ber Sve samferdselsministeren svare på om det er brukt ulike berekningsgrunnlag i samanlikningane av dei to alternativa over Romsdalsfjorden. Frp-politikaren meiner Statens vegvesen/Norconsult i tilleggsutgreiinga «ser ut til å bruke ulike berekningsgrunnlag».

– Erfaringstala vi kjenner for meterpris på bruer og tunnelar både under og over sjøen, stemmer ikkje med dei tala som Statens vegevesen har levert i denne saka, forklarar Sve til NETT NO.

Sve avsluttar spørsmålet med å legge til at han vil kople inn presidentskapet på Stortinget, om han ikkje får svar og innsyn i saka.

Tidleg måndag hadde samferdselsministeren ikkje svara.

Publisert: 31.01.2022 09:16

Sist oppdatert: 31.01.2022 11:18

Mer om