Jon Ivar Nygård Foto Jakob Vorren Samferdselsdepartementet 11
FERJEFRIE VEGAR: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) forsikrar at arbeidet med å gjere meir av vestlandskysten ferjefri, går sin gon. er godt nøgd med at billettprisane på ferje frå nyttår var 30 prosent lågare enn rundt nyttår året før. Foto: Jakob Vorren / Samferdselsdepartementet
Nytt

– Ingen fare for E39 og andre vegprosjekt på Vestlandet

For første gong på 20 år kjem samferdselsministeren frå Austlandet. Det har fått mang ein vestlending til å tvile på Ap-statsråden.

NPK
19.01.2022

(NPK – Bent Tandstad): Engstlege vestlendingar kan ta det heilt med ro, ifølgje Jon-Ivar Nygård (Ap).

- Eg er samferdselsminister for heile landet, forsikrar den første samferdselsministeren frå Austlandet på 20 år.

Austlands-bakgrunnen hans har fått vestnorske politikarar til å uttrykke frykt for at samferedselspengane no skal brukast på jernbane, slik at ferjefri E39 og andre prosjekt på Vestlandet går i gløymeboka.

– Feil utgangspunkt
Ei fråsegn Nygård kom med om Rogfast medan han var ordførar i Fredrikstad, er blitt trekt fram. Han sa blant anna at det ville bli altfor dyrt å leggje den ferjefrie kyststamvegen i Rogaland innom Kvitsøy, ei øy med berre rundt 500 innbyggjarar.

– Mange i Distrikts-Noreg har ymta frampå om at med deg som samferdselsminister, så blir det mykje jernbane på Austlandet og lite vegar i utkantane. Er det nokon fare for det?

– Det er feil utgangspunkt. Vi skal sikre mobilitet over heile landet, og på dei fleste stader er det vegen som er framtida. Her på Austlandet er jernbane viktig. Eg kan forsikre om at vi skal ta vare på heilskapen, lovar Nygård.

Fleire store fjordkryssingar
Dei store vegprosjekta på Vestlandet går sin gang, forsikrar samferdselsministeren.

Når det gjeld Hordfast, ferjefri veg mellom Stord og Os i Vestland fylke, så blir det jobba med reguleringsplanar. Her satsar regjeringa på oppstart i den inneverande seksårsperioden.

Møreaksen i Møre og Romsdal er prioritert for den første seksårsperioden i Nasjonal transportplan. Møreaksen skal sikre ferjefri veg mellom Molde og Ålesund, og lokalt er det stor strid om prosjektet. Prosjektet er ein del av planen om ein ferjefri E39 frå Stavanger til Kristiansund.

I rute er også Rogfast, altså ferjefri veg mellom sør og nord i

Rogaland. Hovuddelen er den 26,7 kilometer lange Boknafjordtunnelen, som blir den lengste undersjøiske vegtunnelen i verda.

Og det er ikkje berre på Austlandet det blir jernbanebygging. Regjeringa er forplikta til å arbeide for realisering av Nordnoregbanen til Tromsø. Dette var ein del av budsjettforliket med SV, og det første som skjer er at det blir starta ei konseptutvalsutgreiing. Det vil avgjere om ei forlenging av jernbanen til Tromsø skal inn i Nasjonal transportplan.

Telefon frå Jonas
Jon-Ivar Nygård er fersk som politikar på dette nivået, sjølv om han har vore sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet sidan 2014. Han har vore heiltidspolitikar for Arbeidarpartiet det meste av sitt yrkesaktive liv, ordførar i Fredrikstad i to og ein halv periode frå 2011, og i fjor haust vart han vald inn på Stortinget. Han bur framleis i østfoldbyen saman med sambuar og tre nesten vaksne born, ein 20-åring og tvillingar på 18.

Folk som kjenner han kallar han ein likandes kar, folkeleg og omgjengeleg. Kort tid etter valet ringde påtroppande statsminister Jonas Gahr Støre.

Og det var ingen grunn for den politiske ringreven Jon Ivar-Nygård til å takke nei til ei slik utfordring. Trass den unge alderen har han vore folkevald politikar i snart 30 år, og samferdselspolitikk er ein viktig del av erfaringsgrunnlaget.

Vi står framfor nye utfordringar etter koronaen, og det er usikkert kva som blir den nye normalen innan transportsektoren
Jon-Ivar Nygård
Men det betyr også at det dei næraste åra blir mindre tid til både trimturar i skog og mark og båtturar i den østfoldske skjergarden, begge delar kjære hobbyar for ministeren.


– Det er mange utfordringar for samferdselspolitikken i åra som kjem. Det store biletet er at vi skal sørgje for mobilitet over heile landet. Folk og varer skal fram, det er viktig både for verdiskaping og folks kvardagsbehov. Vi står framfor nye utfordringar etter koronaen, og det er usikkert kva som blir den nye normalen innan transportsektoren. Og det gjeld både vegar, jernbane og i lufta, seier han.

Kamp mot sosial dumping
Nygård seier at regjeringa er godt i gang med eit prosjekt mot sosial dumping i transportsektoren. Her har dei starta arbeidet med ein handlingsplan.

– Vi skal ha ein tydeleg politikk mot sosial dumping. Det skal ingen vere i tvil om, seier han.

Trafikktryggleik er også eit felt den nye ministeren er oppteken av, og her kan ny teknologi spele ei viktig rolle.

– Det ligg spennande moglegheiter i skjeringspunktet mellom teknologi og trafikktryggleik. Bilane blir stadig tryggare, men teknologien kan også brukast til eit system med vegprising. Vi ser på kva som er mogleg innan fangst av data, men det er litt tidleg å gå i detaljar om det. Det ligg spennande perspektiv her, seier han.

Overvaking av rasutsette område er også eit felt dei jobbar med. Dei har kome eit stykke på veg, men han er sikker på at det er mogleg å få ut meir på dette feltet.

Klima og Nye vegar
Elles varslar ministeren eit tungt arbeid for transportsektoren når det gjeld utslepp av klimagassar.

– Transportsektoren må levere tungt på klimagassar. Sektoren står for store delar av utsleppa våre, så her trengst det fleire tiltak. Det er positivt at utslepp frå bilar er på veg ned takka vere alle som har gått over til elbil, men det må også skje noko i luftfarten. Der har vi ei utfordring, seier ministeren.

Arbeidarpartiet har vore kritisk til Solberg-regjeringa si etablering av selskapet «Nye Vegar», som har stått for mykje av vegutbygginga dei siste åra. Er det aktuelt å skrote dette nye selskapet?

– I regjeringsplattforma står det klart at målet vårt er å gå gjennom heile vegsektoren. Det har skjedd mykje dei siste åra. Ikkje berre «Nye vegar», men fylka har blant anna fått ansvar for nye vegstrekningar. Så vi vil ha ein overordna gjennomgang, men det vil ikkje skje noko endring i nær framtid, forklarer han.

Bryt tradisjonen
Her i landet har det vore nærmast ein tradisjon at samferdselsministeren skulle vere vestlending. I gamle dagar vart det ofte rekna som ein tommelfingerregel at samferdselsministeren skulle vere frå Vest, medan fiskeriministeren skulle vere frå Nord-Noreg.

Vel har det vore ein og annan trønder, austlending eller nordlending i samferdselsstolen, men det har vore unnatak. No er det 20 år sidan det sist var ein frå Austlandet, det var Terje Moe-Gustavsen i perioden 2000–2001. Han var også frå Arbeidarpartiet.

Nygård tok over etter Knut Arild Hareide frå Sunnhordland, som igjen tok over etter sunnmøringen Jon Georg Dale. Før det sat rogalendingen Ketil Solvik-Olsen i stolen, og før det igjen Marit Arnstad frå Trøndelag. Før henne hadde rogalendingen Magnhild Meltveit Kleppa ministerposten, og før henne igjen Liv Signe Navarsete frå Sogn.

Og i vest hugsar ein også godt Kjell Opseth, den markante maktpolitikaren frå Sunnfjord som var samferdselsminister frå 1990 til 1996 og som sytte for ny flyplass på Gardermoen og ny stamveg mellom aust og vest med verdas lengste vegtunnel mellom Aurland og Lærdal.

(©NPK)

Publisert: 19.01.2022 12:23

Sist oppdatert: 19.01.2022 12:33

Mer om