Analyse: Kanskje allereie i løpet av det neste året skal Forsvaret legge inn det som ligg an til å bli den største ordren noko gong til den maritime industrien langs kysten.
Opptil 28 standardfartøy skal kjøpast inn for å trygge ein langstrakt kyst. Det var eit høgaktuelt tema då den maritime bransjen møttest på sin årlege klyngekonferanse i Ålesund denne veka.
Det er mange grunnar til at det er grunn til å sjå positivt på desse oppdraga for den maritime industrien. Samtidig er det fleire ting som tyder på at ein vil få vanskar med utnytte potensialet.
La oss ta det positive først.
Å bygge dei standardiserte fartøya kan utgjere oppdrag til ein verdi av mellom 100 og 200 milliardar kroner. Det er liten tvil om at det gir ein stor moglegheit for industrien til å sikre ei «botnplanke» med aktivitet det neste tiåret.
Deltakarane på klyngekonferansen fekk høyre at moglegheitene var mange for maritime aktørar i forsvarsindustrien. Trondheim-baserte Maritime Robotics fortalte om deira verksemd med å lage avanserte ubemanna farkostar. Det har gitt dei firedobla omsetning sidan 2020 og gjort at dei har kring 140 tilsette i arbeid.
Bestillinga frå Stortinget om standardfartøya til forsvaret er klar: Oppdraga skal gi mest mogleg aktivitet for innlands industri både under utvikling, bygging og vedlikehald av fartøya. Det er vanskeleg å tolke det på anna vis enn at fartøya skal byggjast i Norge. Alle andre løysingar vil opplevast som ein gedigen nedtur.
Flaggkommandør og sjef for marinen, Kyrre Haugen, som deltok på klyngekonferansen var óg tydeleg på at ein bør sikre den heimlege industrien. Han understreka at det knapt fanst eksempel på at slike ordrar har gått utomlands når andre europeiske land har gjort maritime innkjøp dei siste åra.
I industrien har interessa for oppdraga vore stor. Fleire – med Kongsberg i spissen – har peika på at Noreg har sjansen til å utvikle fartøy som langt fleire enn vårt eige forsvar vil ha interesse av. Og det er her den verkelege store gulrota kan ligge for industrien.
Kongsberg-sjef Geir Håøy sa til Nett No i mai at dei har fleire nasjonar som «står og skrapar på døra» - og at det difor var viktig med ei rask avgjerd.
Så var det desse skjera i sjøen.
I dag opplever gjerne leverandørar i den maritime industrien at dei møter ein byråkratisk vegg hos forsvaret der det å følgje lovkrav og reglar, blir viktigare enn å finne gode løysingar.
I vinter fortalde dåverande Maritime Partner-sjef Torstein Heggstad om frustrasjon over at prosessen i stor grad skjedde fråkopla næringa. Han opplevde at dei putta forslag inn i «eit svart hol» - der dei fekk ja, eller nei tilbake frå forsvaret.
Sidan den gong har litt meir blitt kjent om kva oppdraga vil innehalde. I ein marknadsundersøking frå Forsvarsmateriell i mai kom det fram at det er snakk om 10 større skip som skal vere havgåande, og 18 mindre fartøy med sokalla kystnær plattform. 16 av fartøya skal operere for marinen, som inneberer at dei vil ha meir avanserte våpensystem. 12 av fartøya skal være i kystvaktflåten.
Då vart det også understreka at dei maritime plattformane må vere tilpassa slik at det er mogleg å legge til ny teknologi og system, utan at det er for tidkrevjande eller kostar mykje.
Under klyngekonferansen gjentok marinesjef Kyrre Haugen dette behovet, og kalla det ei «stort steg framover» for korleis forsvaret tenker om maritime kampplattformar.
Krigen i Ukraina har gjort det tydeleg at teknologien utviklar seg så raskt, at ein treng fartøy som kan bli utrusta på ulike vis – utan at det krevst større oppgraderingar. Effektivt vedlikehald og evna til å vere mest mogleg til stades, er andre faktorar som vil vere viktig for Sjøforsvaret, påpeika Haugen.
Under klyngekonferansen i Ålesund kom det fram at det framleis er eit stort behov i industrien for å få klargjort meir kva forsvaret eigentleg er ute etter med standardfartøya.
Arild Skoge i Kongsberg Defence and Airspace og Ståle Pedersen i Vard-konsernet var mellom dei som deltok eit panel som diskuterte forsvarsleveransane.
Begge var tydelege på at den største styrka til Norge vil vere om verft og utstyrsleverandørar får jobbe saman med forsvaret. Då kan ein kombinere kunnskapen industrien har frå den sivile marknaden til å kome fram til gode løysingar.
Men – understreka Skoge – det ville krevje ei «paradigmeskifte» i korleis forsvaret sjølv inkluderer industrien.
Det positive er at marinesjef Kyrre Haugen såg det same, og meinte dei måtte ta «kvantesprang» i korleis dei samarbeida med industrien.
At mykje av arbeidet undervegs vil vere unnateke offentlegheit gir ei ekstra utfordring for sivile aktørar som er vande med å «spele ball» med oppdragsgivaren over bordet.
Eirik Hovstein i Maritime Robotics meinte ein snarast bør sørgje for å sikkerheitsklarere sentrale nøkkelpersonar og sette dei i gong med arbeidet.
For tid er også ein kritisk faktor. I ein meir uroleg tid vil ei forseinking i flåtefornyinga utgjere ein langt større risiko enn tidlegare.
Det er ei utfordring for Forsvaret som er vande med å kunne bruke den tida dei treng til å kome fram til dei absolutt beste løysingane. No kan jakta på den perfekte løysinga i verste fall svekke forsvarsevna til nasjonen.
Men tid er også ei utfordring for statsforvaltinga som har sine reglar å følgje - og tempoet i den politiske handsaminga frå regjeringa si side.
Etter at langtidsplanen for forsvaret blei vedteke våren 2024 har Forsvarsdepartementet hatt ei konseptvalutgreiing til politisk behandling. Neste steg er at Forsvarsmateriell får klarsignal til å sette i gong eit sokalla forprosjekt for standardfartøya. Det er dei som skal stå for sjølve innkjøpet.
«I løpet av hausten», var siste oppdatering frå departementet om kva tid dei rekna med at Forsvarsmateriell ville få grønt lys til å sette i gong.
Ifølgje marknadsundersøkinga frå mai er ambisjonen at fartøya skal bli levert mellom 2028 og 2036. Med dagens framdrift ligg det an til ein tidlegast i starten av 2026 kjem i gong med arbeidet om kva fartøya konkret skal innehalde.
Sjølv om utviklingsarbeidet skulle gå i turbofart, er det vanskeleg å sjå føre seg at dei første fartøya vil vere bygd og på vatnet i løpet av 2028.
Det betyr ikkje berre at Norge er på etterskot med å trygge kysten i ei tid då det dagleg tikkar inn nyheitsmeldingar som gjer det tydeleg at behovet for beredskap og sikkerheit kanskje er større enn nokon gong.
Det kan også bety at industrien går glepp av eit eksporteventyr. Ein rekke land i Europa er allereie i full gong med å fornye sine forsvarsflåtar, og har ingen grunn til å vente på at Norge får orden i sysakene sine her heime.
Les også
Publisert: 21.09.2025 05:00
Sist oppdatert: 20.09.2025 19:10






