Solceller IKKE GJENBRUK FOTO NPK 11
UUTNYTTA POTENSIAL: Energikrise har det siste året blitt eit etablert uttrykk i norske medium. Olje og gass skal fasast ut og Noreg må byggje ut meir fornybar energi. Det er mykje snakk om vind og vatn, men også solenergi har eit stort uutnytta potensial i Noreg, ifølgje Elektroforeningen. Foto: Robert Schlesinger / NTB/ NPK
Nytt

Jobbar for storskala utbygging av solenergi

Har eit stort uutnytta potensial her til lands.

26.09.2022

(NPK- Kjell Åsmund Sunde): Energikrise har det siste året blitt eit etablert uttrykk i norske medium. Olje og gass skal fasast ut og Noreg må byggje ut meir fornybar energi.

Det er mykje snakk om vind og vatn, men også solenergi har eit stort uutnytta potensial i Noreg, ifølgje Elektroforeningen (EFO).

Dei lanserer no prosjektet Solklare bygg – der målet er å få fart på utbygginga av solcelleanlegg på tak og fasadar.

Frank Jaegtnes Foto Elektroforeningen 11
VIL HA STORSKALA UTBYGGING: Administrerande direktør Frank Jaegtnes i Elektroforeningen fortel at dei gjennom Soleklare bygg jobbar for å få til storskala utbygging av solenergi i Noreg. Foto: EFO
Stort potensial

Solenergiklyngen la nyleg fram utrekningar som viser at solkraftpotensialet er større enn straumforbruket i Noreg i dag. Potensialet for solkraft i Noreg er på cirka 200 TWh.

– Blir berre ein del av potensialet bygd ut, vil det dekke energibehovet vårt. Vi må utnytte det raskast mogleg. Alle prognosar viser at behovet for straum vil auke kraftig med energikrigen i Europa. Derfor må solkraftutbygging få høgare prioritet, seier Thor Christian Tuv i Solenergi Fusen i ei sak på nettsidene til EFO.

Fakta om Elektroforeningen

  • Elektroforeningen (EFO) er ei bransjeforeining for leverandørar og grossistar av elektroteknisk materiell, utstyr og løysingar.
  • Medlemmene i organisasjonen leverer alt frå stikkontaktar og lyspærer til landstraumanlegg, nordsjøkablar.
  • Organisasjonen har 152 medlemsbedrifter spreidd over heile Noreg.
  • Samla omset medlemmene i EFO for over 50 milliardar norske kroner og har over 13.000 årsverk.
  • (©NPK)

Ber om fortgang i krisetider
Administrerande direktør Frank Jaegtnes i foreininga fortel at dei gjennom «Solklare bygg» jobbar for å få til storskala utbygging av solenergi i Noreg.

– Det må både regulatorisk og reint teknisk bli lettare å bygge solkraft. Vi må få til ei rask utbreiing for å møte kraftutfordringa vi har no, seier Jaegtnes til Nynorsk pressekontor.

Han ønskjer at dei som rehabiliterer gamle bygg eller byggjer nytt enkelt skal kunne få oversyn over potensialet for solenergi.

– Det må bli enklare å rekne ut kva som skal til for å leggje til rette og kva kan ein ta ut av potensialet. Dette er noko vi jobbar mykje med.

I tillegg viser han til at reguleringane ikkje må leggje hindringar.

– I dag driv vi ei frimerkeutbygging – store aktørar byggjer kanskje berre ut ein liten del av taket fordi reguleringane set avgrensingar. Vi må få vekk slike hindringar og samstundes få på plass det faglege og byggtekniske grunnlaget som krevst for å gjere dei rette vala.

Vil fjerne reguleringar
Jaegtnes peikar på at det hovudsakleg er to hovudgrunnar til at utbygginga av solceller ikkje går fort nok.

– Den eine grunnen er at det i dag er ein del kunstige grenser, som legg hindringar. Det er blant anna ei grense for kor mykje energi eit bygg kan laste inn på nettet før det blir konsesjonspliktig. Den grensa er på 100 kW, men vi ønskjer at ein skal kunne fjerne den grensa og gjere det mogleg å dele den overskotsenergien ein har. Om ein har moglegheit til å levere meir bør ein få lov til det utan å bli straffa. På kort sikt bør ein fjerne den grensa og så bør ein heller berre jobbe langsiktig med å finne ein betre metode å regulere dette på.

– Det andre er at det har vist seg komplisert å bruke straumen ein produserer til å dekke eigne behov.

Eit døme er Asko i Vestby som har solceller på eit tak og ladestasjon for lastebilane sine på same eigedom. Dei går på to forskjellige målarar sjølv om dei er tilknytt same selskap. Det gjer at dei ikkje har lov å sende solenergien frå taket over til ladestasjonen for lastebilar. Teknisk Ukeblad har omtalt denne saka.

– Dette er ei regulatorisk hindring vi vil fjerne, seier administrerande direktør Jaegtnes.

Avlastar anna fornybar kraft
På vinterstid er det mørkt store delar av døgnet og på sommaren er det lyst til langt på kveld. At Noreg har store variasjonar i lysforholda gjennom året skal ikkje vere noko hinder for utbygging, ifølgje Jaegtnes.

– Det totale talet på soltimar gjennom året er ikkje noko dårlegare her enn lenger sør. Solforholda er faktisk ganske bra i Noreg. Midt på vinteren, når solforholda er som dårlegast, vil solcellene produsere ganske lite. Men gjennom våren, sommaren og hausten kan solcellekrafta avlaste vassmagasina med produksjon slik at ein slepp å køyre ned vassmagasina til eit minimum. Soleenergien ville gitt vassmagasina lov til å kvile, så kunne vi spart på vatnet og vasskrafta til vinteren, seier Frank Jaegtnes i Elektroforeningen.

Publisert: 26.09.2022 09:07

Sist oppdatert: 26.09.2022 09:12

Mer om