Folgefonna velkomstsenter m Nordvestvinduet vindu Foto Nordvestvinduet
PRESTISJEBYGG: Nordvestvinduet har mellom anna levert vindauga til Folgefonna visningssenter. Foto: Nordvestvinduet.
Nytt

Merkar nedtur i byggemarknaden

I fjor auka Nordvestvinduet inntektene for fjerde år på rad, men i oktober snudde det.

31.05.2023

Vindusprodusenten Nordvestvinduet på Almenning i Nordfjord hentar 90 prosent av driftsinntektene sine i den norske marknaden og merka eit tydeleg omslag mot slutten av 2022.

I fjor passerte selskapet 150 millionar kroner i driftsinntekt for første gang og betra også lønsemda samanlikna med 2021 (sjå tabell under).

Dagleg leiar og medeigar Arve Martin Almenning seier til NETT NO at selskapet greidde å ta ut eigen kostnadsauke i prisane ut til kundane i fjor. Det greidde Nordvestvinduet ikkje året i forvegen.

Har gitt færre tilsette
I år reknar han med lågare driftsinntekter enn i fjor, på grunn av brems i bygginga av nye bustadar.

Det er spesielt i Oslo-området, som er den største marknaden for Nordvestvinduet, at det har blitt mindre bygging.

Konsekvensen av ein tyngre marknad er mellom anna at Nordvestvinduet har færre tilsette. For eitt år sidan hadde omlag 100 personar jobb i Nordvestvinduet, no er det omlag 85.

Barcode og Folgefonna
Nordvestvinduet har levert vindu til fleire prestisjebygg, mellom anna til ein del av dei såkalla Barcode-bygga ved operaen i Oslo og visningsenteret ved Folgefonna (biletet).

Selskapet har fleire aksjonærar, dei fleste medlemer i Almenning-familien.

Nordvestvinduet as (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt153,9137,7
Driftsresultat11,63,2
Resultat før skatt11,13,3

Publisert: 31.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 30.05.2023 23:49

Mer om