Innovasjonscmap vinnergruppe 11
ÅLESUND: Vinnargruppa har nettopp fått vite om sigeren under innovasjonscampen. Deltakarane kom frå ulike klasser ved Fagskolen Møre og Romsdal i Ålesund. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vann med ide om å bygge utan klimaavtrykk

Full pott på innovasjonscamp for fagskulestudentar. Vart utfordra til å tenke nytt om hus og hyttebygging.

Marius Rosbach
10.02.2023

Det var mange lovord å hauste for fagskulestudentane som deltok på innovasjonscamp denne veka. Etter å ha jobba med temaet klimavennleg bustad- og hyttebygging sidan måndag, vart éi gruppa kåra til vinnar torsdag.

Sirkularitet, ressursbruk og arealeffektivitet var mellom stikkorda for oppgåva. Vinnargruppa hadde tenkt på det meste.

- Ideen var å ha minst mogleg fotavtrykk ved å bygge eldrebustader, seier Jonas Eik Øygard, som var ein av fire i gruppa.

– Vi tenker bygge der det allereie er eksisterande bustader. Anten ved å bygge om, eller rive og bygge nytt. Vi tek vare på tomtene som allereie er utbygd, legg Even Silset til.

Innovasjonscamp vinnergruppe 22
GJEKK TIL TOPPS: (frå venstre) Jonas Eik Øygard, Christian Rønning, Even Silset, Sivert Hilland og Gjermund Kvernmo Langset, som er leiar for forretningsutvikling og bærekraft i Bauta Group. Foto: Fagskolen Møre og Romsdal

Kan «veksle» inn bustaden
Tanken er å bygge seniorsenter med bustader som er fleksible i storleik, med sosiale møteplassar og servicefunksjonar. Dei som flyttar inn i slike senter, kan til eksempel «veksle» inn ein einebustad som kapital i eit leilegheitskompleks som passar.

- Så tek bustadutviklaren over eigedomen deira, pussar den opp og sel den vidare. Det vil minske fotavtrykket når det gjeld nye bygg og eigedomar, seier Sivert Hilland.

Prinsippet er å forhindre nedbygging av nye områder, og i staden bruke opp at tomter og bustader – og samtidig gjere noko med eldrebølgja.

– Vi kan også skape meirverdi ved til eksempel å skilje ut ei tomt og sette opp eit hus til på same plassen. Då slepp ein å øydelegge meir natur for å få plass til fleire hus, legg Christian Rønning til.

Heidi Nakken Gjermund Kvernmo Langset Inger Synnøve Remme foto Fagskolen Møre og Romsdal 11
JURY: Heidi Nakken frå ÅKP, Gjermund Kvernmo Langse frå Bauta Group og Inger Synnøve Remme frå Ålesund kommune var med i juryen. Foto: Fagskolen Møre og Romsdal

- Veit kva dokke snakka om
Inger Synnøve Remme som er næringskontakt i Ålesund kommune, påpeiker at ho vart imponert over alle gruppene.

- Eg har vore med på mange slike innovasjonscampar, og her er det veldig høgt nivå på alle gruppene. Det er tydeleg at vi har å gjere med «kremen av kremen», seier Remme og viser til at alle deltakarane har fagbrev i botnen.

- Det gjer at dokke veit kva dokke snakka om, og det synest i løysingane, la ho til.

Også Heidi Nakken frå ÅKP var i juryen og trekte fram at studentane hadde jobba godt med økonomi og marknad.

- Mykje av dette kan ein sette ut i live
Gjermund Kvernmo Langset i Tomrefjord-konsernet Bauta Group ga studentane oppgåva. Også Statsforvaltaren deltok saman med Tafjord-sjef Eirik Espeseth. Undervegs har folk frå næringslivet vore innom for å svare på spørsmål og fungere som mentorer.

- Dei kjem med gjennomtenkte løysingar med sterk grad av realisme. Mykje av dette kan ein sette ut i live ganske hurtig, seier Langset som studentene sine løysingar.

Han ser «absolutt» for seg at noko av ideane kan bli forretningar for Bauta.

- Det er mykje kunnskap her vi kan ta med oss vidare, også er studentane invitert til å presentere ideen for oss, legg han til.

Mette Aaram Ringstad Bente Bruun Lovise Almklov Foto Fagskolen Møre og Romsdal 11
HADDE REGIEN: Faglærarane Mette Aaram Ringstad (t.v.) og Bente Bruun hadde regien på innovasjonscampen saman med Lovise Almklov frå ungt Entreprenørskap. Foto: Fagskolen Møre og Romsdal

Ny erfaring for skulen
Bente Bruun og Mette Aaram Ringstad er faglærarar for studentane. Dei underviser i leiing, økonomi og marknadsføring, som samlar studentar frå ulike linjer.

Fagskulen har ikkje hatt eit slikt prosjekt på tvers av klassane før. Likevel er mykje av arbeidsforma i undervisinga prosjektarbeid, med problem som skal løysast og bli presentert.

- Her har vi folk frå elektro, maskinteknikk og bygg- og anlegg som jobbar saman. Det er nytt i høve slik vi har jobba tidlegare, fortel Ringstad.

Det sosiale også viktig
Saman med Ungt Entreprenørskap har faglærarane hatt regien på innovasjonscampen. Eitt av hovudpoenga er at opplegget er tverrfagleg.

Oppgåva liknar mykje av det studentane møter på eksamen. I tillegg til samarbeid og innovasjon, er også det sosiale viktig.

- Å ha det kjekt saman med næringslivet, lærarane og dei andre studentane. Det er viktig å ha det gøy og samarbeide med andre, både for motivasjon, lærelyst og utvikling, seier Bruun.

Publisert: 10.02.2023 11:41

Sist oppdatert: 10.02.2023 13:39

Mer om