Milliongjeld etter skokonkurs
Slutt for butikkdrift i Molde etter fem års drift.
Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i Moldesko etter at selskapet melde oppbod.
Innehavaren stod tidlegare for drifta av Skoringen-butikken i Outzen-strøket i Molde. Ny eigar overtok drifta her i fjor haust, og driv butikken vidare.
Bustyrar Øyvind Meisingseth fortel til NETT NO at ein tilsett blei med vidare til den nye eigaren, som også overtok varelager og innreiing.
Gjelda som er opplyst i oppbodsbegjæringa var på kring 1,6 millionar, ifølgje Meisingseth.
Firmaet Moldesko blei starta i 2016. Omsetninga i 2017-2019 låg på kring 3,5 millionar, men drifta gjekk med underskot.
Ved utgangen av 2019 var eigenkapitalen i minus og det samla underskotet for desse åra oppe i 2,2 millionar kroner. Rekneskapen for 2020 er ikkje tilgjengeleg.
Les også
Talet på registrerte konkursopninga gjekk ned i fjor, slik det også gjorde året før. Det gjeld både for Nordvestlandet og heile Noreg.
Ved utgangen av 2021 hadde Brønnøysundregistera registrert 3.302 konkursar og 1.576 tvangsavviklingar. Det er ein samla nedgang på 10 prosent frå 2020.
Tala kan endre seg noko, men tendensen er klar. Samla sett har det vore rundt 25 prosent færre konkursar enn 2018 og 2019 dei to siste åra.
Dei oppdaterte tala frå Brønnøysundregistera skal leggjast ut onsdag , melder NTB onsdag.
Publisert: 05.01.2022 11:51
Sist oppdatert: 05.01.2022 12:37