Robert Ervik foto Ervik Havfiske
MERKAR KVOTEKUTT: Robert Ervik leiar Ervik Group - tidlegare Ervik Havfiske - som er eitt at dei største fiskeriselskap i Noreg. I fjor vart det minus.Foto: Ervik Havfiske
Nytt

Minus på fiskeri for Ervik

Merka kvotekutt i fjor.

12.08.2024

Ikkje tilfredsstillande, er Ervik-konsernet si oppsummering av resultatet for 2023.

Det er kutt i fiskekvotane, først og fremst torsk, som dreg ned, saman med at gjennomsnittprisen selskapet fekk for kvitfisk gjekk ned (sjå tabell under).

Ervik Group på Stadlandet, tidlegare Ervik Havfiske, er eit underkonsern i Ervik Havfiske Holding-konsernet - og omfattar i hovudsak konsernet sin fiskeriverksemd i norske og omliggande farvatn.

Båtane driv linefiske etter torsk, sei og andre kvitfisk-slag, fiskar snøkrabbe og starta i år også fiske etter reker.

Hittil i år har selskapet fått betre betalt for fisken enn i fjor. Selskapet ventar óg auka lønsemd i snøkrabbefisket framover.

Forlis ved Falklandsøyane
Ervik Havfiske Holding omfattar mellom anna også Stad Hotell.

Konsernet er også medeigar i reiarlag som driv fiske etter tannfisk i Antarktis. Blant dei er selskapet som eigde fiskebåtebåten Argos Georgia som forliste ved Falklandsøyane i juli i år, der fleire av mannskapet omkom.

Fryktar nedbemanning
Tidlegare i år tilrådde havforskarane ytterlegare kutt i torskekvoten, til det lågaste nivået sidan 2003.

Det blir det tredje større kuttet på tre år, og dagleg leiar Robert Ervik sa til NRK at han frykta at konskekvensen kunne bli at selskapet måtte redusere talet på skift og dermed bemanninga på fiskefartøya.

Ervik Havfiske Holding As (konsern)
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt706,7708,9
Driftsresultat47,178,8
Resultat før skatt-0,546,9
Ervik Group As (underkonsern)
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt623,7638,9
Driftsresultat-1,836,9
Resultat før skatt-42,718,9

Generasjonskifte
Det er Stig Ervik og tremenningen Kjell Magne, som har bygd opp Ervik Group til eitt av Noregs største fiskeriselskap.

Dei siste åra har selskapet gjennomført eit gradvis generasjonskifte. I dag er det Robert Ervik, son til Stig, som er dagleg leiar for fiskeriverksemda i Noreg.

Publisert: 12.08.2024 12:16

Sist oppdatert: 12.08.2024 20:05

Mer om