
Vil vurdere å bygge fleire skip
Rem Offshore bestiller nok eit skip. No skal dei bemanne opp på land og skaffe sjøfolk til dei nye skipa.
Torsdag blei det kjent at Rem Offshore har bestilt nok eit nytt skip frå Vard.
Det blir reiarlaget sitt fjerde spesialbygde skipet til vindkraftmarknaden og reiarsjef Lars Conradi Andersen ser ikkje vekk frå at det blir fleire.
– No har vi gjort ein del investeringar, og vi vil først sjå an situasjonen. Men det har vore underinvestert i nye skip over lengre tid, og vi ser at det er behov for fleire moderne skip, seier han til Nett No.

Les også
Har opsjon på eitt skip til
Reiarlaget har ikkje oppdrag klart til det siste vindskipet dei har tinga frå Vard, men det reknar reiarsjefen vil vere på plass til levering mot slutten av 2026.
Per i dag har reiarlaget 13 PSV-ar, to subseaskip og eitt seismikkskip, i tillegg til dei tre skipa til vindkraftindustrien.
Rem Offshore har også bestilt eit kombinert offshore og vindskip frå Myklebust Verft.
– Der har vi også opsjon på eit skip til, påpeikar Andersen.
Skal tilsette fleire på sjø og land
Etter å ha bygd opp ein betydeleg større flåte i løpet av dei siste åra, skal reiarlaget no styrke seg på landsida der dei i dag har kring 40 personar i jobb.
– Vi er i ferd med å utvikle landorganisasjonen og tilsette fleire folk der. Etter kvart må vi også bemanne opp nybygga våre, seier Andersen.
I dag har reiarlaget kring 650 sjøfolk i arbeid, og vil ha behov for fleire tilsette når dei skal ha nybygga i arbeid.
Ser behov for fleire skip til vindkraft
Reiarsjefen fortel at stort sett heile flåten er i arbeid – dei fleste skipa er på lengre kontraktar, og nokre PSV-ar har oppdrag i spotmarknaden.
– I dag har vi også tre skip i arbeid innan fornybarmarknaden på det vi ser på som berekraftige ratar, og vi ser at denne marknaden vil vekse vidare framover. Sjølv om det har vore ein del kontraheringar av slike skip, ser vi at det er behov for meir spesialtonnasje, legg han til.
I ei melding tidleg i sommar fortalde reiarlaget at dei hadde hatt ein god start på 2024, etter å ha leverte det sterkaste årsresultatet på fleire år.
Publisert: 18.07.2024 16:01
Sist oppdatert: 18.07.2024 23:41