Rekordaar for Nogva Motorfabrikk
SER ETTER KJØPAR: Kjell Norvoll er medeigar og dagleg leiar i Nogva Motorfabrikk-konsernet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nogva kan få ny eigar før jul

- Vi legg opp til ei så hurtig avklaring som mogleg, seier Kjell Norvoll i Nogva Motorfabrikk om eit sal av det familieeigde konsernet.

29.09.2023

Kjell Norvoll og dei andre eigarane av Nogva-konsernet har leigd inn Saga Corporate til å hjelpe seg med å finne ein ny eigar av konsernet.

Nokre potensielle kundar har allereie fått ein liten smakebit på presentasjonen, seier Norvoll.

Kven som eventuelt blir ny eigar kan vere avklart før før året er omme.

Rett kjøpar
Norvoll seier det er to vilkår for at det skal bli eit eigarskifte. Pris er det eine, men viktigare er rett kjøpar.

- Ein rett kjøpar er ein kjøpar som tek selskapet vidare. Vi er ein soleklart marknadsleiar i Noreg. Eg trur at veldig mykje av den vidare veksten for Nogva-konsernet vil kome til å skje utanfor landet, seier Norvoll.

Konsernet har i dag 180-190 tilsette og hadde 487 millionar kroner i driftsinntekter i fjor. I år blir det meir, seier Norvoll.

Selskapet leverer motorar, gir, propellar og overvakingtenester til utstyret, i tillegg til å utføre service-, vedlikehald og reparasjonar. Hovudkontor og hovudanlegg ligg i Søvika i Haram.

Familieeigd
I dag er Nogva Motorfabrikk eit familieeigd selskap.

Kjell Norvoll og ektefellen Anne K. Nogva Norvoll eig 50 prosent gjennnom selskapet Nogva Norvoll Invest.

Kåre Arnt Nogva eig 11 prosent gjennom selskapet Kano Invest, Lars Åge Nogva 10 prosent gjennom Lano Invest, Kirsti L. Nogva Mårstøl 10 prosent gjennom Klnm Invest, Astrid Karin Nogva 9,545 prosent gjennom Akn Invest og Skjalg Longva 9,455 prosent gjennom Skjano Invest.

Næringspark på Haramsøya
I 2015 kjøpte Nogva Motorfabrikk bygget på 3000 kvadratmeter som tidlegare husa vindusproduksjonen til H-Produkter på Haramsøya. Det har Nogva Norvoll Invest kjøpt ut av konsernet, seier Norvoll.

Planen er å bruke bygget for å medverke til verdiskaping, og utvikling på Haramsøy, der Norvoll vaks kjem frå, seier han.

Det betyr at det kan bli næringspark i den tidlegare vindusfabrikken.

Bygget på Haramsøya vart opphavleg kjøpt for å brukast som produksjonslokale for Nogva Motorfabrikk-konsernet i samband.

Slik blei det ikkje. Bygget er i dag brukt som lager, medan Nogva Motorfabrikk sin produksjon på foregår gjennom medeigarskap i North Islands Technologies på Longva.

Publisert: 29.09.2023 15:24

Sist oppdatert: 29.09.2023 19:06

Mer om