– Vi vil vise at det er masse spennande å jobbe med her
Studentar frå arkitekthøgskulen på besøk under industridesignkonferansen – og neste år kjem truleg langt fleire.
I samband med årets industridesignkonferanse – IDC/21 - kunne nettverket av designbedrifter frå regionen møtast for første gong sidan Norge stengde ned.
Mette Skjong i Momentium har rolla som prosjektleiar for IDC, som dei siste dagane også har hatt besøk av ei gruppe på 15 studentar frå Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO).
Skjong er svært nøgd med at den anerkjende skulen prioriterer å sende studentane sine til Ålesund og Giske-konferansen.
– Vi ønsker å vise fram Ålesund som ein designregion. Mange veit at vi er ein region som kan fiskeri og skipsbygging, men vi har ikkje vore like flinke til å løfte fram kva vi står for innan industridesign og designfeltet generelt, meiner Skjong
Les også
Opphaldet varar i fleire dagar. Studentane fekk både besøke Vard Studio og LK Hjelle, og vere med på workshop fredag. I tillegg var dei sjølvsagt med på konferansen i Øygardshallen og prisutdeling på Pir i Ålesund etterpå.
– Vi treng å rekruttere dei beste folka. Ålesund må vere litt meir framoverlente for å få tak i dei nasjonale talenta. Vi vil vise at det er masse spennande å jobbe med her, fortel prosjektleiaren.
Ut frå responsen var det ein vellukka tur, og til neste års konferanse vil skulen sende heile 50 studentar til Sunnmøre og Giske.
Mange er lite kjent med industrien
Skjong
fortel at arkitekthøgskulen har opplevd det som ei utfordring at mange
av studentar veit lite om næringslivet dei skal ut og jobbe i.
– Studentane som startar opp, veit gjerne ikkje kva som finst av industri rundt i landet. Difor må dei få vite at her langs kysten finst det masse moglegheiter og bedrifter i verdseliten, legg ho til.
Under konferansen i Øygardshallen fekk studentane mellom anna møte Ekornes-sjef Roger Lunde, Sjøholt-designar Runa Klock og tredje generasjon skipsdesignar Torstein Aa.
Dei fekk også høyre internasjonale toppnamn, som Maximilian Missoni. Austerrikaren er i dag sjefsdesignar for elbilprodusenten Polestar, og har tidlegare skapt merksemd med redesign av Volvo-bilane.
Studentane som startar opp, veit gjerne ikkje kva som finst av industri rundt i landet.
Allereie etter den første industridesignkonferansen Momentium arrangerte i 2018, blei ideen om eit nettverk for industridesign lansert. Skjong fortel at noko av motivet er at dei opplevde liten kontakt mellom dei ulike bedriftene.
– Vi ønsker at dei som jobbar med dette skal bli betre kjent med kvarandre og at det skal føre til kompetanseutveksling, fortel ho.
– I botnen dreiar det seg om å gjere Ålesund til ein meir attraktiv by. Det ligg eigentleg til grunn for alt Momentium gjer, seier ho.
Publisert: 23.10.2021 05:55
Sist oppdatert: 26.10.2023 13:16