Aido foto privat 11
TEKNOLOGISATSING: Selskapet Aido har lagt om teknologien og utvikla ei ny app-løysing som skal hjelpe bedrifter med å halde oversikt og utføre ulike oppgåver. Frå venstre: Thomas Gjerde (Grå t-skjorte), Marius Grønli, Steffen Vågsæter, Håvard Ringstad og Sufyan Salem. Foto: Privat
Nytt

Nysatsing for teknologiselskap

La om kursen og har nye investorar på laget. Nyleg møttest kollegaene første gong fysisk.

Marius Rosbach
04.07.2022

Selskapet Aido satsar med nyutvikla app og web-løysing som skal hjelpe bedrifter til å handtere ein rekke ulike oppgåver.

Dagleg leiar Håvard Ringstad fortel at løysinga deira skal bidra til god oversikt, betre kontroll og mindre tidsbruk på ein rekke område. Meir om det litt seinare – først litt om selskapet.

– Vi lanserte app-en for telefon og web i fjor haust, og i vinter tilsette vi første seljaren. Dei siste månadene har vi dobla talet på brukarar, og målet er vidare vekst, fortel gründeren til NETT NO.

Jobbar frå ulike plassar
Talet på tilsette har også vekse til seks personar – som møttest alle saman for første gong førre helg. Ringstad har trua på - og meiner det er nødvending å jobbe - sokalla «remote».

– Det gjer vi for å tiltrekke oss dei rette folka. I dag har vi tilsette i Portugal, Tromsø, Ulsteinvik og Ålesund, legg han til.

Medan mange bedrifter har vanskeleg med å få tak på nye medarbeidarar - ikkje minst innan teknologi og it, fortel Ringstad at dei har fått godt med søkjarar når dei har hatt ute stillingar der folk kan jobbe frå kvar dei vil.

– Vi jobbar sjølvsagt tett saman på Slack, Teams og andre digitale løysingar, men to av dei tilsette møtte eg for første gong i helga, fortel han.

Ringstad innrømmer at det kjendes uvand og litt usikkert, då dei i fjor sommar tilsette to utviklarar, utan å møtast fysisk.

– Det har gått veldig bra og teamet består av fantastisk flinke, omgjengelege og sjølvstendige folk, seier han.

Aido foto privat 22
FØRSTE MØTE: Dei tilsette jobbar får ulika plassar og i helga møttes fleire for første gong. Gründerane har fått nye investorar på laget, men også dei tilsette er medeigarar. Frå venstre: Steffen Vågsæter, Håvard Ringstad, Sufyan Saleem og Marius Grønli. Foto: Privat

Hjelper til med å halde oversikt
Ein formidlings-app var Aido sitt første produkt, som NETT NO omtala ved lanseringa i 2018. Løysinga skulle kople bedrifter med vikarar og frivillige organisasjonar og enkeltpersonar til oppdrag.

– No retter vi oss utelukkande mot bedriftsmarknaden. Utfordringa med halde oversikt over ressursar, koordinering av oppdrag og tidsoptimalisering, er ofte er ganske like frå bransje til bransje, forklarar Ringstad om ideen bak den nye løysinga.

Aido skjermfoto 11
WEBLØYSINGA: Ein skjermdump frå webløysinga som det Ulstein-baserte selskapet Aido har utvikla.

Den nye app-en er modulbasert og hjelper til med alt frå å halde oversikt over fråvær og vaktlister, styre prosjekt og fakturaer, i tillegg til lønn og ferie. Det skal gi mindre stress, betre økonomi og arbeidsmiljø for bedriftene som nytter app-en.

– Målet er å gjere nødvendige operasjonar enklare, med færre «klikk» og meir saumlaust, legg Ringstad til.

Nye investorar frå Molde
For kring eitt år sidan fekk Aido inn Molde-selskapet Manoli på eigarsida. No planlegg dei ein mindre emisjon i samarbeid med rekneskapsbyrået Iregnskap – også dei frå Molde.

Selskapet si kundemasse har auka raskt det siste året, og dei har no valt Aido sin noverande løysing for å effektivisere sine oppdrags- og oppfølgingssystem. Servide og reinhald er andre bransjer dei har kundar i.

– Vi har elles ei sterkt veksande kundemasse innan barnehagar. Dei siste to åra har vi hatt eit tett samarbeid med fleire barnehagar i Ålesund om teknologiutvikling, legg han til.

Inntektene kjem ved gjentakande inntekter frå månadsabonnement – utan bindingstid.

– Vi er så trygge på produktet at vi har valt å køyre utan binding. Vi har ønsker ein tett dialog med kunden, for å få tilbakemeldingar og vere godt rigga for å kunne levere eit best mogleg produkt. Det er viktig at det vi levere har verdi for kunden, påpeiker Ringstad.

Publisert: 04.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 03.07.2022 21:28

Mer om