Geo Barents skuteside innfelt øystein uksnøy Foto Leger Uten Grenser ogne 11
OPPDRAG FOR LEGER UTEN GRENSER: – Vi må etter kvart tene meir pengar, seier dagleg leiar Øystein Uksnøy i Uksnøy & Co. No er båten i arbeid for Leger Uten Grenser. Foto: Leger Uten Grenser/Ogne Øyehaug
Nytt

– Når vi har klart å halde ut i sju tøffe år, skal vi klare sju gode også

Uksnøy-båt heilskinna gjennom økonomiske utfordringar og berging av folk på flukt.

Marius Rosbach
19.04.2023

Geo Barents har vore gjennom eit krevjande år både økonomisk og ved dramatiske bergingsaksjonar i Middelhavet.

Ålesund-skipet som tilhøyrer Uksnøy-reiarlaget og er eigd av kommandittselskapet Uksnøy Barents, har dei siste åra vore i arbeid for organisasjonen Leger Uten Grenser. Dagleg leiar Øystein Uksnøy i Uksnøy & Co fortel at kontrakten går eit halvår av gangen og at organisasjonen har opsjon på båten ut 2023.

– Vi ønsker ikkje å ta noko politisk standpunkt, men opplever at oppdraget er meiningsfylt. Talet på folk som er på flukt, er stabilt høgt og har vore sterk aukande i år, fortel han til NETT NO.

Talet på folk som er på flukt, er stabilt høgt og har vore sterkt aukande i år
Øystein Uksnøy

– Vi må etter kvart tene meir pengar
Uksnøy-selskapa har vore gjennom nokre tunge år økonomisk. 2022 ga eit nytt underskot for Uksnøy Barents og eigenkapitalen var tapt ved utløpet av året.

Med skipet i fullt arbeid og stadig betring i marknaden, er styret likevel ikkje i tvil om at det er grunnlag for vidare drift. Uksnøy fortel at dei har ein dialog med banken som gjer at dei held seg flytande.

– Men vi må etter kvart tene meir pengar, seier han.

Betring i olje og offshore
Framleis utfordringar med koronapandemien, og høgare kostnader enn i eit normalår grunna klassing av skipet, er óg grunnar til at reiarlaget ser lysare på framtida.

Skipet var tidlegare engasjert i seismikkoppdrag, og styret skriv i årsmeldinga at det heile tida blir jobba med å skaffe nye kontraktar. Uksnøy ser det som naturleg at skipet går over i andre marknader når oppdraget for Leger utan grenser er ferdig.

– Vi ser at mange kontraktar blir forlenga, og stemninga innan olje- og offshore er absolutt på betring. Når vi har klart å halde ut i sjø tøffe år, skal vi klare sju gode også, legg Uksnøy til.

Geo Barents Foto Leger Uten Grenser 11
FISKERSTRAND: Før oppdraget for Leger Uten Grenser vart skipet klargjort ved Fiskerstrand Verft. Foto: Leger Uten Grenser

Berga over 440 menneske
For få veker sidan var skipet involvert i eitt av sine mest krevjande oppdrag med å berge 440 menneske frå ein båt i havsnaud. Aksjonen med å ta om bord personar frå båten i høge bølgjer og dårleg vere, gjekk føre seg i kring 11 timar

– Det vert heftige opplevingar og inntrykk for dei om bord, legg Uksnøy til.

Sjølv om mange blir berga, opplever dei også at mange misser livet i forsøket på å ta seg til Europa. Tal frå Leger Utan Grenser viser at starten på 2023 har vore det mest dødelege for folk på flukt over Middelhavet sidan 2017.

Imponert av Leger uten grenser
Om bord i skipet er ein norsk kaptein i tillegg til internasjonalt mannskap og personell frå Leger uten grenser. Uksnøy er mektig imponert både over sine eigne folk – men ikkje minst mannskapet frå Leger uten grenser.

– Den praktiske bergingsarbeidet fungerer veldig godt, og dei har eit profesjonelt system med god kapasitet. Men den politiske situasjonen er meir krevjande, seier Uksnøy.

Vanskeleg politisk situasjon
I vinter vart skipet halde tilbake av italienske styresmakter og bøtelagt. Uksnøy fortel at dei er usamde i at dei skal utlevere sokalla VDR-data, frå skipet, og at det berre er eitt av fleire urimelege krav dei opplever at italienske styresmakter kjem med.

– Vi skulle gjerne nytta den tida vi har brukt til å diskutere med advokatar, til å ha båten i arbeid i staden, seier han.

Uksnøy er ikkje i tvil om at verksemda med å plukke opp immigrantar, er årsaka til at styresmaktene forsøker gjere stikke kjeppar i hjula for dei.

Uksnøy er ikkje i tvil om at verksemda med å berge immigrantar, er årsaka til at styresmaktene forsøker å stikke kjeppar i hjula for dei og andre skip i oppdrag for ikkje statlege organisasjonar i området.

– Den administrative biten blir meir krevjande for oss. Samtidig har vi forståing for at italienarane ønsker hjelp frå EU med immigrasjonssituasjonen, legg han til.

Publisert: 19.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 19.04.2023 11:36

Mer om