Fugro Resilience til Ulstein Verft 2023 foto Ulstein Group
OMBYGGING: Fugro Resilience skal byggast om hos Ulstein Verft. Foto: Ulstein Group
Nytt

Ombyggingsoppdrag for Ulstein Verft

Skal teikne om to og bygge om eitt plattformforsyningsskip.

25.09.2023

Det er geo-dataselskapet Fugro som er kunden. I februar 2023 kjøpte Fugro to plattformforsynigsskip, Topaz Endurance og Topaz Energy - no Fugro Resilience - med plan om å bygge dei om til geotekniske fartøy. Geodata er geografiske data, satt inn i ein modell.

Ulstein Design & Solutions har oppdraget med å teikne om fartøya, og den eine ombygginga skal gjerast av Ulstein Verft.

- Vi set pris på å jobbe med å forlenge levetida til eit fartøy og gjere det relevant for bruk i nye marknader. Ulstein har ressursane og fasilitetane til å dekke heile prosessen frå start til slutt, seier salssjef for service og ettermarknad, Roy Lindset, i ei pressemelding. Storleiken på kontrakta i kroner er ikkje opplyst.

Gjennom å vidareutvikle dei to 2015-bygde skipa til geoteknisk fartøy, får Fugro frigjort potensialet og får dei tilpassa dei spesifikke krava i havvindsektoren, heiter det i pressemeldinga.

Fugro er notert på børsen i Amsterdam.

Publisert: 25.09.2023 15:16

Sist oppdatert: 25.09.2023 15:17

Mer om