Fryktar karakterkrav gir færre fiskarar
- Alle kan ikkje bli skipper eller styrmann, seier Giske-reiar. Fylkeskommunen har bedt om regelendring.
Har det blitt for vanskeleg å bli fiskar er eitt av spørsmåla som skal svarast på under fiskerikonferansen «The Next Wave» på Giske torsdag 4. mai.
Over 300 er påmeld til årets konferanse, der kjernekraft og skipsdesign, verdiskaping i vidareforedling, snurrevad som fangstreiskap og rensing av hava for plast er tema i tillegg til rekruttering.
Meir populært med fiskeriutdanning
Fiskarutdanning er blitt eit populært tilbod, med rift om plassane.
60 elevar har søkt om å få kome inn på utdanninga fiske og fangst i Møre og Romsdal til hausten. Dei skal konkurrere om i alt 48 plassar.
Fiske og fangst er eit utdanningstilbod i andre året på vidaregåande skule, som er ope for dei med naturbruk første året. Utdanninga kvalifiserer óg til lærlingplass på ein fiskebåt - som kan gi elevane fagbrev etter to år.
Fiske- og fangstutdanninga er eit tilbod i Herøy, Ålesund og Hustadvika.
Høgare karakterkrav
Karaktersnittet for å kome inn på fiske- og fangstutdanninga var mellom 2,88 og 3,88 i 2017. I fjor var det auka til mellom 4,86 og 2,88, viser tal NRK har henta inn.
Også karakterkrava for å kome inn på naturbrukutdanninga har gått opp. I Herøy var det nok med eit karaktersnitt på 2,12 (6 er toppen av skalaen) for å kome inn på naturbruk i skuleåret 2017/2018. Til skuleåret 2022/2023 er snittet 3,5.
Blir ikkje på båten
Mats Grimstad i Nordnes-reiarlaget i Giske kommune seier reiarlaget gjerne vil ha tak i dei som er flinke på skulen.
Frykta er likevel at høge karakterkrav stenger ute folk som kan bli dyktige fiskarar, og at dei rekruttere folk som går vidare etter læretida er over. Til skipper og styrmann-utdanning for eksempel.
Eit trålreiarlag som Nordnes treng også dyktige folk på dekk og i fabrikk, som mellom anna kan opparbeide seg erfaring til å bli ein dyktig trålbas eller fabrikksjef.
- Alle kan ikkje bli skipper eller styrmann, seier Grimstad.
Rekrutterer nesten berre lærlingar
Dagleg leiar Anders Bjørnerem i reiarlaget Nordic Wildfish deler Grimstad sine vurderingar.
Selskapet rekrutterer nesten utelukkande gjennom lærlingordninga, og Bjørnerem skryt av lærlingane som kjem til dei etter to år på vidaregåande skule. Men han er samstundes redd ei gruppe blir stengt ute.
- Det er ei gruppe fiskarar som kanskje ikkje passar inn i det tradisjonelle skulesystemet, men som er praktisk kreative og flinke, seier han.
Fylke ber om opptaksprøve
Møre og Romsdal fylkeskommune har bedt Utdanningsdirektoratet vurdere om inntakskriteria til Naturbrukutdanninga kan endrast, slik at elevar også kan kome inn basert på til dømes opptaksprøver.
- Næringa sjølv seier at ein del som konkurrerer seg inn på denne utdanninga ikkje blir (i yrket, red. merk), seier kompetansesjef Kariann Dimmen Flovikholm i Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Ho viser til at det til både dans/drama og idrettsfag-utdanning på vidaregåande skule er opna for å ta inn elevar basert på dugleik, ikkje berre karakterar.
Førebels har Utdanningsdirektoratet ikkje svart på forespørselen.
Problemstilling er fersk, det er først dei fem siste åra den har blitt aktuell, i takt med at karakterkrava til naturbruk har stige, ifølgje Dimmen Flovikholm.
Utsikter til milllioninntekt
NETT NO har tidlegare skrive fleire artiklar om inntektsutviklinga for fiskarar, sist basert på 2021-rekneskapen til Strand Fiskeriselskap der 56 årsverk i Strand Havfiske delte i alt 85 millionar kroner i løn, hyre, lott, kost og pensjon.
Lottsystemet, der inntektene til fiskarane svingar med lønsemda i fisket, har løfta inntektene til fiskarane dei siste åra.
- Pengar er sannsynlegvis ein faktor, men mange (som søkjer fiskarutdanning, red. merk) har drive med båt og teiner sidan dei var små, seier lærar Heidi Eikrem ved Herøy Vidaregåande Skule om kva som motiverer unge til å søkje fiskarutdanning.
Publisert: 01.05.2023 05:00
Sist oppdatert: 01.05.2023 01:28