Rolf Domstein foto Ogne
VALUTAEFFEKT:
Nytt

Pris-smell for Domstein i fjor

Krympa overskot for Domstein-konsernet.

15.06.2023

Konsernselskapet Domstein Holding i Måløy leverer sjømat til butikkar, hotell og storkjøkken, med 85 prosent av salet i den norske marknaden.

I fjor blei det ein tøff marknad å vere i.

- Med dei prisane som var i på fisk i fjor så greidde vi ikkje å ta inn dei prisane i den norske marknaden, seier dagleg leiar og medeigar Rolf Domstein i Domsteinkonsernet.

Ferske reker er det største produktet til konsernet. I fjor måtte Domstein-konsernet selje rekene med tap.

Domstein Holding as
Tal i mill. kroner20222021

Driftsinntekt

1019,2958,9
Driftresultat2,912,3
Resultat før skatt3,04,7

Valutaeffekt
Hovudårsaka til prisveksten er valutakursutviklinga.

Den norske krona blei svakare i fjor. Det betyr at vekslingskursen utvikla seg slik at sjømateksportørane fekk betre betalt i norske kroner, sjølv om prisen i euro eller dollar ikkje steig. I og med at over 90 prosent av norsk sjømat blir eksportert er det den internasjonale marknaden som avgjer kva prisen på sjømat blir i Noreg. Norske kjøparar må betale det fiskarar og oppdrettarar får betalt i norsk kroner. Dermed blir prisen på sjømat i Noreg høgare når krona blir svakare.

Domstein seier at konsernet har avtalar med kundane om prisreguleringar, opptil fleire gangar i år . Det gjer at konsernet relativt raskt kan auke prisane ut til sine kundane om prisen Domstein må betalt for sjømaten stig, men i fjor steig prisane for raskt til at Domstein kunne henge med.

Også i år blir eit tøft år, men ikkje like vanskeleg som i fjor, ifølgje Domstein.

Familieeigd
Domstein Holding er eigd med ein tredjedel kvar av brørne Rolf, Gunnar og Knut Magne.

Det største selskapet i konsernet er Domstein Sjømat, med 813 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på tre millionar kroner i fjor. Tilsvarande tal for 2021 var 742 og 9,7 millionar kroner.

Publisert: 15.06.2023 09:18

Sist oppdatert: 15.06.2023 09:19

Mer om