Domstein passerer milliarden i år
Rolf Domstein ventar Domstein Holding-konsernet i Måløy passerer milliarden i driftsinntekter i år, og at lønsemda skal stige med auka sal.
Etter fem år på rad med underskot i Domstein Sjømat, det største selskapet i Domstein Holding-konsernet, bikka resultatet før skatt på pluss-sida i 2019.
Overskotet i 2019 var 5,4 millionar. I år blei det 12,7 millionar kroner i resultat før skatt av 577 millionar kroner i driftsinntekter.
Det samla underskotet før skatt i løpet av dei fem tunge åra for Domstein Sjømat var 103 millionar kroner.
Kritisk masse
Domstein Sjømat distribuerer fersk fisk og annan sjømat over heile landet. Overskotet kom då driftsinntektene passerte det dagleg leiar og medeigar Rolf Domstein kallar ei "kritisk masse".
Selskapet skal halde fram med å vekse mykje i åra framover, ventar Domstein. Det kan selskapet gjere utan å måtte ta på seg større faste kostnadar.
Dermed vil lønsemd auke meir enn driftsinntektene framover, ifølgje Domstein.
Held ut
I 2013 gjekk sjømatdistributøren Enghav konkurs. Domstein-konsernet var medeigar og kjøpte buet etter konkursen og innlemma det i datterselskapet Domstein Sjømat.
I utgangspunktet sat Domstein Sjømat med ein større organisasjon og distribusjonsnett er driftsinntektene kunne bere etter konkursen og kjøpet av konkursbuet.
Vurderinga var like vel at det var naudsynt og rett for å kunne oppretthalde ein landsdekkande distribusjon og kundar over heile landet, ifølgje Domstein.
I starten miste selskapet viktige kundar, men gradvis vann det nye og bygde tillit på ny.
Rett veg
Då koronakrisa kom i fjor vinter gjekk det hardt ut over hotell- og restaurantmarknaden, ein viktig kunde for Domstein Sjømat.
Auke sal i butikkane vog opp for mykje av svikten i hotell- og restaurantmarknaden.
Samstundes gjekk det bra i alle deler av konsernet, med unntak av sushileverandøren Domstein Sushi (6,4 millionar kroner i driftsinntekter og minus 2,6 i resultat før skatt i 2020).
Domstein Holding as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 924,7 | 840,1 |
Driftsresultat | 21,6 | 6,6 |
Resultat før skatt | 14,4 | 0,01 |
Datterselskapet Domstein Fish, som leverer agn til fiskeflåten, auka driftsinntektene frå 241 til 371 millionar kroner frå 2019 til 2020 og resultatet før skatt frå 1,5 til 8,8 millionar.
- Alt gjekk rette veg, seier Rolf Domstein om 2020 og legg til at den gode utviklinga i fjor har halde fram så langt i år.
Levert lokalt
Domstein Sjømat har sju distribusjonssentralar for sjømat, som dekkjer heile landet.
Med unntak av Oslofjord-området er fisken levert til frå fiskarar spreidd langs kysten til samarbeidande fiskemottak og transportert derifrå til distribusjonsentralane.
Selskapet arbeider no også for å eksportere, mellom anna for at mottaka i større grad kan baser seg på at Domstein Sjømat alltid kan kjøpe fangsten dei tek i mot, ifølgje Domstein.
Gjekk av børs
Fram til sommaren 2014 var Domsteinkonsernet eit børsnotert selskap, der brørne Rolf, Gunnar og Knut Magne var store aksjonærar.
Då tok laksemilliardær Gustav Witzøes investeringselskap Kverva over fiskematverksemda i Sverige.
Brørne var sittande att med sjømatsal og distribusjon i Noreg, tradingselskapet og eigedom, som i dag er samla i Domstein Holding-konsernet.
Publisert: 30.06.2021 06:00
Sist oppdatert: 29.06.2021 21:46